Historisk arkiv

SNO tar opp att uttak av jerv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statens naturoppsyn (SNO) tar opp att tidlegare praksis med ekstraordinære uttak av jerv. Det er avklart at ansvarleg veterinær kan gi profesjonelt personell i SNO tilgang til å nytte bedøvelsesmiddel i samband med slikt uttak.

-Ekstraordinære uttak av jerv er per no eit naudsynt verkemiddel for å fylgje opp føringane frå Stortinget. Det har difor vore viktig å finne ei rask løysing i denne saka slik at personell frå Statens naturoppsyn kan halde fram med uttaka av jerv som i tidlegare år, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Ekstraordinære uttak inneber at staten gjer uttak av jerv i særleg tapsutsette område for å avverje skadar på sau eller tamrein. Behovet for slike uttak har nær samanheng med at den ordinære lisensfellinga for jerv ikkje er tilstrekkeleg effektiv.

 

Må bedøvast

 

Frå 15. februar er det yngletid for jerv og kvalpane er avhengige av mordyret fram til hausten. Dersom ein skal gjere ekstraordinære uttak i yngletida, må individa først bedøvast slik at ein kan kontrollere om det er ei tispe med mjølk. Mjølk viser at ho har fått kvalpar, og dei kan ikkje bli overlatne til seg sjølv.

Tidlegare år har ekstraordinære uttak av jerv vore praktisert slik at ansvarleg veterinær kan nytte medhjelparar i form av profesjonelt fellingspersonell frå SNO, men denne vinteren har det oppstått spørsmål kring vidare praksis med ekstraordinære uttak av jerv. Årsaka var vilkår frå Statens legemiddelverk knytte til bedøvingsmiddel som medførte at veterinær alltid måtte vere fysisk tilstades ved bedøving av jerv. Ein slik praksis ville ha innskrenka effektiviteten.

Etter ein nærare dialog mellom dei departementa det gjeld, er problemstillinga no avklart, og det vil vere høve til å halde fram med tidlegare praksis.