Historisk arkiv

Sogn og Fjordane får skjergardsteneste

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

- Innføringa av ei skjergardsteneste i Sogn og Fjordane betyr at vi betre kan gjere natur langs kysten tilgjengeleg for friluftsliv, samtidig som vi tar vare på sårbare område og sikrar ordningar for innsamling av søppel og marint avfall, seier klima- og miljømister Sveinung Rotevatn (V).

Møre og Romsdal fekk skjergardsteneste i 2018, frå vinteren 2021 blir det òg skjergardsteneste i Sogn og Fjordane.

-- Erfaringane frå andre stader i landet viser at dette er ein svært effektiv og verdifull ordning. Mange holmar, øyar og strender langs kysten er populære utfartsmål. Skjergardstenesta skal sikre gode naturopplevingar utan at det går utover sårbar natur, seier Rotevatn. 

Skjergardstenesta blir finansiert som eit spleiselag der staten, kommunane og fylkeskommunane deltar. Staten bidrar med om lag halvparten av kostnadene. I 2021 vil dette utgjere 35,5 millionar kroner. For Sogn og Fjordane vil driftsbidraget til staten vere ca. 700 000 kroner i 2021. I tillegg kjem inntil 2 millionar kroner til innkjøp av båt.  Med etableringa i Sogn og Fjordane dekker Skjærgardstenesta nesten heile kysten i Sør-Noreg.

Skjergardstenesta gjer meir enn å drifte friluftslivsområde. Ho bidrar òg til å ta vare på kystnaturen, gjennom oppsyn, vegetasjonsryddig, skjøtsel av naturtypar, fjerning av marin forsøpling, oljevernsberedskap og reparasjon av bryggar og andre anlegg.

- Ikkje minst for arbeidet med marin forsøpling har Skjergardstenesta vist seg effektiv og viktig, derfor er eg veldig glad for at tenesta i Sogn og Fjordane vil bruke ein del ressursar på fjerning av marin forsøpling, seier Rotevatn.

Skjergardstenesta vart oppretta i 1992, med Oslofjorden som verkeområde. Etter kvart vart ordninga utvida til å omfatte skjergardsparkane på Sørlandet (1996) og Vestkystparken på Vestlandet (1997). Regjeringa har dei siste åra lagt til rette for at endå fleire område langs kysten kan få skjergardsteneste