Historisk arkiv

Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Statsminister Erna Solberg besøkjer Sogn og Fjordane.

Kl. 09.15: Statsministeren får ei orientering om ulike teknologiprosjekt i Sogn og Fjordane, på eit møte som går føre seg på passasjerbåten Øyservice som ligg til kai i Florø sentrum. Planane for ein hurtiggåande passasjerbåt med hydrogendrift vil bli presenterte på møtet, i tillegg til teknologi for bølgekraft om bord på skip.

Kl. 11.15: Statsministeren besøkjer Brødrene Aa skipsverft i Hyen, der ho blant anna får sett på bygginga av den elektriske passasjerbåten Future of the Fjords. Adresse: Hyevegen 1763.

Kl. 13.05: Besøk til Firda vidaregåande skule i Sandane, der statsministeren deltek i «spørjetime» med elevane. Adresse: Firdavegen 21.

Kl. 14.30: Statsministeren stoppar på fergekaien på Anda, der ho får ei orientering om overgangen til elektrisk drift på fergesambandet Anda-Lote frå 1. januar. Dette er den første fergestrekninga i Noreg som går over til heilelektrisk drift. Orienteringa held fram på fergeturen til Lote.

Kl. 15.05: Besøk til Eid Elektro på Nordfjordeid. Adresse: Øyane 12, Nordfjordeid.

Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer Nordfjord Psykiatrisenter ved Nordfjord sjukehus, der ho mellom anna får ei orientering om korleis sjukehuset samarbeidet med NAV om å få personar som slit med rus eller psykiske lidingar ut i arbeid. Adresse: Sjukehusvegen 9.

Kl. 16.25: Statsministeren besøkjer bygginga av Myklebustskipet i sentrum av Nordfjordeid.

Det er mogleg for presse å delta på heile programmet. Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.