Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Søkjartal til høgare landbruksutdanning

Det er framleis auke i talet på fyrstevalssøkjarar til grøne fag i høgare utdanning.

For landbruksfag, veterinærstudiane og andre grøne utdanningar i sum er det ein auke på 8,2  prosent frå 2017 til 2018, medan auken i samla søkjartal til høgare utdanning totalt i same periode er 4,7 prosent. Dette går fram av tala frå Samordna opptak som blei lagt fram i dag. 

For landbruksfaga syner søkjartala ein  nedgang på nær 7 prosent. For dei einskilde fag er det auke frå i fjor for agronomstudiet (årsstudium og bachelor), skogfag og "husdyrfag, velferd og produksjon".  Plantevitskap og husdyrfag har lågare søkjartal enn i 2017.   

Veterinærfaga har ein fortsatt sterkt vekst i søkjartal – ein auke på nær 20 prosent frå i fjor. 

For  andre grøne utdanningar som til dømes matvitskap, biologi, bioteknologi, fornybar energi og økologi og naturforvaltning, er tala stabile eller viser ein liten auke frå 2017.

 

Til toppen