Ny søknadsrunde i nordområdeprogrammet

- Regjeringa har som mål at Noreg skal vera leiande innan kunnskap og utdanning i nordområda. Utlysinga i nordområdeprogrammet er eit godt høve for norske institusjonar til å byrje samarbeid om høgare utdanning med internasjonalt leiande institusjonar i strategisk viktige land, seier utanriksminister Børge Brende.

Norske universitet og høgskular kan no søkja om midlar i nordområdeprogrammet for samarbeid med leiande utdanningsinstitusjonar i Canada, Japan, Kina, Russland, Sør-Korea og USA. Utanriksdepartementet samarbeider med Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) om nordområdeprogrammet som blei sett i verk hausten 2013. Sidan byrjinga  har programmet støtta 13 samarbeidsprosjekt. Departementet har no styrka programmet med åtte millionar kroner slik at ramma for perioden 2013-2018 er på til saman 53 millionar kroner

Ei liste over prosjekta som har fått støtte kan du finne her.

Informasjon om utlysinga kan du finne på SIUs heimesider.

Til toppen