Historisk arkiv

Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland utnemnd til prost

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland (55) vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Midhordaland prosti i Bjørgvin bispedøme.

Margrethe Holmboe Askeland er sokneprest i Brønnøy sokn i Sør-Helgeland prosti i Sør-Hålogaland bispedøme.

Ho har sju års erfaring frå presteteneste og har i periodar fungert som prost. Dessutan har ho hatt mange politiske verv, mellom anna som ordførar.

Margrethe Holmboe Askeland blir den første kvinnelege prosten i Bjørgvin bispedøme.

 

Til toppen