Historisk arkiv

Solberg til Berlin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Statsministerens kontor

Brexit, migrasjon, tryggings- og forsvarspolitikk, utviklingssaker og energi er tema som står på agendaen når statsminister Erna Solberg møter Tysklands forbundskanslar Angela Merkel i Berlin tysdag.

Dei to regjeringssjefane skal også delta på eit internasjonalt toppmøte om global helse, der eit sentralt tema er korleis FNs berekraftsmål om helse kan oppfyllast.

– Noreg og Tyskland har eit nært og godt forhold, og eg ser fram til møtet med Angela Merkel i dag. Eg ser blant anna fram til å diskutere brexit med henne. Noreg er ein integrert del av den indre marknaden gjennom EØS-avtalen, og me vil bli berørt av at Storbritannia går ut av EU, seier Solberg.

Statsministeren skal også halda eit innlegg om tryggingspolitikk for den tyske Körber-stiftinga. I tillegg deltek ho på eit møte om Tysklands energiomstilling, der også norsk-tysk energisamarbeid vil bli diskutert.

– Våre to land har eit omfattande samarbeid, og Tyskland er ein av våre viktigaste handelspartnerar, seier Solberg.