Historisk arkiv

Solid vekst i antal psykologar i kommunane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Sålangt i år har kommunar fått tilskot til 90 nye psykologstillingar. Det er framleis mogleg å søke om tilskot for 2019.

- Regjeringa har prioritert å styrke psykologkompetansen i kommunane. Dei aller fleste som får psykiske helseproblem, får det i ungdomsåra. Det er heilt avgjerande at vi klarer å jobbe med førebyggande, kome tidleg inn når nokon har det vanskeleg og ha eit bra lågterskeltilbod, seier helseminister Bent Høie.

Frå 130 til 590

I alt 350 kommunar og bydelar har fått tilskot til 591 psykologstillingar i 2019. 48 nye kommunar har fått tilskot i år. 14 av desse ligg i Nordland, og 11 i Troms. Ein rapport frå SINTEF syner at tilskotsordninga til psykologar i kommunane har vore avgjerande for den store auken i antal psykologstillingar i kommunane. I 2013 var talet kun 130.

- Når folk får hjelp tidleg, er det med på å bidra til å redusere sosiale helseskilnader som varer livet ut, påpeikar Høie.

Frå 1. januar 2020 er det eit krav at alle kommunar skal ha psykologkompetanse. I år er difor siste året kommunane kan motta tilskot frå staten til å rekrutterer psykolog. Deretter vil midlane gå inn i ramma til kommunane.

Behov for kompetansen

- Det er behov for kompetansen til psykologane i kommunen. Vi har difor heldt fram å styrke tilskotsordninga, slik at alle kommunar skal kunne rekruttere psykolog innan lovkravet trer i kraft. Det er viktig at kommunar som endå ikkje har psykolog nyttar tilskotsordninga, seier Høie.I budsjettet for 2019 auka regjeringa løyvinga til psykologar i kommunane med 50 millionar kroner, tilsvarande om lag 120 nye årsverk. Samla vert det løyva 205 millionar kroner i år. Det gjenstår 32,6 millionar kroner som no vert lyst ut med søknadsfrist i september.

Fylkesvis oversikt over antal kommunar som tek imot tilskot per april 2019:

 

Fylke

Totalt antal kommunar/bydelar i fylket

Kommunar/bydelar i fylket som tek imot tilskot

Aust- og Vest-Agder

30

25

Buskerud

21

17

Finnmark

19

13

Hedmark

22

21

Hordaland

33

25

Møre og Romsdal

35

27

Nordland

44

40

Oppland

26

26

Oslo

17

17

Akershus

22

22

Rogaland

26

21

Sogn og Fjordane

26

17

Telemark

18

18

Troms

24

23

Trøndelag

52

33

Vestfold

9

9

Østfold

18

15