Historisk arkiv

Utanriksministeren sitt svar på eit skriftleg spørsmål frå representanten Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) om Somaliland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Dokument 15 (2004-2005). Spørsmål nr. 395. Datert 14.12.2007

Frå representant Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utanriksministeren: 

Somaliland er ikkje anerkjent som eigen stat av FN, men har ei regjering /ein administrasjon som styrer landet. Somaliland har iverksett demokratiske prosessar inkludert val. Landet opplever stor grad av stabilitet. Ei internasjonal anerkjenning vil kunna medverka til ytterlegare positiv samfunns- og demokratiutvikling i landet. Det vert hevda at Sverige har anerkjent administrasjonen, men ikkje regjeringa i Somaliland. Har den norske regjeringa planar om å gjera noko liknande?

Svar:

Sjølv om «Republikken Somaliland» ikkje er offisielt anerkjent som ein eigen stat, korkje av Noreg eller av noko anna land, har vi frå norsk side gjennom lengre tid hatt omfattande kontakt og samarbeid både med styresmaktene og andre instansar i Somaliland.

Presidenten i Somaliland, Dahir Rayale Kahin, og utanriksministeren hans var også på vitjing i Noreg seinast i juni d.å., og hadde m.a. samtalar på politisk nivå i Utanriksdepartementet. President Kahin vitja også Noreg i 2005.

Også andre representantar for administrasjonen i Somaliland har jamleg blitt tekne imot og hatt møte med norske styresmakter. I sommar var dessutan ein delegasjon frå UD og Norad i Somaliland for å sjå på nokre av utviklingsprosjekta som Noreg har vore med på å finansiera, både i Hargeisa og andre delar av landet. Noreg har m.a. over fleire år støtta arbeidet med modernisering av hamneanlegget i Berbera, og Petrad har tidlegare i år halde kurs om petroleumsadministrasjon i Hargeisa.

Noreg har med andre ord jamleg kontakt med administrasjonen i Somaliland, men korkje Noreg eller Sverige kan seiast å ha formelt anerkjent denne. Når det gjeld spørsmålet om offisiell anerkjenning av staten Somaliland, er det meir komplisert og heng også saman med tilhøvet til resten av Somalia, som ser Somaliland som ein utbrytarrepublikk. Her har Noreg – som resten av det internasjonale samfunnet – til no valt ei avventande haldning, til styresmaktene i dei to delane av Somalia sjølve kjem fram til ei semje. Slik situasjonen er, meiner vi også prinsipielt at dei afrikanske landa bør gå i brodden ved ei eventuell offisiell anerkjenning av Somaliland som stat, noko ingen av dei førebels har ynskt å gjera.