Historisk arkiv

Sommarjobb som fiskar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Er du mellom 12 og 25 år kan du no få deg sommarjobb som fiskar.

– Sjømatnæringa er ei viktig framtidsnæring for Noreg. Vi treng dyktige fiskarar slik at vi kan fortsette den gode utviklinga vi har hatt. Denne ordninga gjer at dei unge får prøve seg i fiskaryrket og det vil forhåpentlegvis gi meirsmak slik at fleire vel dette yrket. Eg oppmodar difor alle ungdomar som synes dette høyres interessant ut om å prøve seg som fiskar i sommar, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.  

Rundt 400 ungdomar deltok i ungdomsfisket i fjor. Frå region Vest var det 128 ungdomar, frå Nord 124, frå Sør 65, frå Nordland 60 og frå Midt 37. Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 15. juni og til og med 7. august 2020, og femner om alle fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten.

Interesserte ungdomar kan registrere seg hos Fiskeridirektoratet. På grunn av korona-situasjonen blir dei unge oppmoda til å finne ein kjøpar dei kan levere til før dei set i gang fisket, slik at dei får levert fisken dei fiskar.

Nye krav frå i år som gjeld alle ungdomsfiskarar

Dersom ein nyttar eit fartøy som ikkje er merkeregistrert skal dette vere registrert i Småbåtregisteret hos Redningsselskapet, eller i Skipsregistra. Registreringsnummeret frå Småbåtregisteret hos Redningsselskapet eller i Skipsregistra skal registrerast på seddel.

Nye krav frå i år som gjeld særskilt for dei som skal fiske leppefisk

I fisket etter leppefisk har ungdomsfiskarane frå i år kun høve til å nytte teiner, til liks med yrkesfiskarane. Det kan framleis nyttast ruser for fiske etter andre fiskeslag. Departementet vil også gjere ungdomsfiskarane særskilt merksam på at det frå 1. januar 2021 vil kome nye krav til "kalven" (inngangen) i teiner som blir brukt i fisket etter leppefisk.

– Vi tykkjer det er viktig at ungdomen er klar over at det er nye krav på trappene, slik at dei ikkje investerer i nytt utstyr i år som så må endrast allereie til neste år, seier Ingebrigtsen.

For fiske etter rognkjeks og leppefisk er det særlege reglar. Ta kontakt med Fiskeridirektoratet for meir informasjon.