Historisk arkiv

Søndagsopne butikkar på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet sender i dag på høyring framlegg til endringar i heilagdagslova der formålet er å opne opp for at fleire butikkar får høve til halde ope på søndagar.

Kulturdepartementet presenterer to framlegg i høyringa. Regjeringa sitt primærframlegg  er å gi butikkar høve til å halde ope på vanlege søndagar. På dei særskilde heilagdagane og på høgtidsdagane 1. og 17. mai skal butikkar som hovudregel framleis vere stengde. Til saman er dette tolv dagar. Dei gjeldande unntaka som gir grunnlag for at nokre butikkar likevel kan halde ope, blir i framlegget vidareført for desse 12 dagane.

- Det er dette framlegget regjeringa meiner er det beste. Med denne løysinga skjermar vi dei særskilte heilagdagane, men for dei vanlege søndagane vil det vere opp til butikkane sjølve å avgjere om dei vil halde ope, og det vil bli likare konkurranse over heile landet, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Regjeringa presenterer også eit anna framlegg i høyringa om at kommunane skal kunne fatte vedtak om fleire søndagsopne butikkar. Det er ein føresetnad for dette alternativet at kommunane ikkje skal kunne stramme inn i høve til rammene som eksisterer i dag.    

- Det har vore eit stort engasjement i denne saka, og difor ønskjer vi å høyre båe dei to framlegga slik at alle sider blir belyst. No blir saka sendt på grundig høyring i tre månader, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Høyringsframlegget om søndagsopne butikkar