Speljournalist får nynorskprisen for journalistar 2023

Journalist Øystein Furevik i Gamer.no er vinnar av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar i 2023.

Portrett av Øystein Furevik
Prisvinnaren Øystein Furevik. Foto: Solveig Barstad

I grunngjevinga for prisen trekkjer juryen fram at Furevik sidan 2002 har skrive vel 1900 meldingar og artiklar til gamer.no. Tekstane er grundige, lettlesne og fulle av humor. Og dei er alle skrivne på nynorsk, trass i at spelverda er internasjonal og stort sett engelskspråkleg.

Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.

Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide i NRK var den første vinnaren. I fjor var det utanrikskorrespondent Roger Sevrin Bruland i NRK som fekk prisen. Årets pris blir delt ut under dei nynorske festspela i Ørsta fredag 9. juni.

NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.