Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Noreg sitt kandidatur for medlemskap i Tryggingsrådet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Børge Brende sitt svar på spørsmål frå Sveinung Rotevatn (V) om Noreg sitt kandidatur for medlemskap i Tryggingsrådet.

  Skriftleg spørsmål nr. 975 (2016-2017).
Datert 07.04.2017

Fra representanten Sveinung Rotevatn (V) til utanriksministeren:
Regjeringa har som mål å få Noreg inn som medlem av tryggingsrådet i FN frå 2020 til 2022. Korleis ser utanriksministeren for seg at vår boikott av FN-forhandlingane om eit atomvåpenforbod, der 132 stater møttes i slutten av mars månad, vil påverke denne ambisjonen?  

Svar frå utanriksministeren:  
Noreg sitt kandidatur for medlemskap i Tryggingsrådet er solid forankra i vår konsistente støtte til FN og arbeidet vårt for fred og utvikling internasjonalt. Vi veit at medlemslanda i FN verdset Noreg sitt konstruktive bidrag til fredsprosessar og vår omfattande bistand til ei berekraftig utvikling.  

Noreg er anerkjent og respektert for å ha ein føreseieleg og truverdig politikk og eit aktivt engasjement på alle område av verksemda til FN. Dette gjeld for humanitær innsats, menneskerettar og berekraftig utvikling, så vel som for tryggleik og nedrustning.  

Regjeringa arbeidar aktivt for å legge forholda til rette for å nå det langsiktige målet om ein kjernevåpenfri verden. Regjeringa sin politikk er basert på Stortinget sitt vedtak av 26. april. Det seier at «Stortinget ber regjeringen arbeide aktivt for en verden fri for atomvåpen og bidra til gjennomføring av Ikke-spredningsavtalens (NPT) forpliktelser, innta en aktiv rolle som pådriver for ikke-spredning og for nedrustning med sikte på en balansert, gjensidig, irreversibel og verifiserbar avskaffelse av atomvåpen, og på dette grunnlaget arbeide langsiktig for et rettslig bindende rammeverk for å sikre dette målet.» Det er avgjerande at kjernevåpenstatane sjølve deltek aktivt i ein nedrustingsprosess.  

Vegen til ei verd utan kjernevåpen går gjennom balanserte, gjensidige, irreversible og verifiserbare tiltak for avskaffing av slike våpen. Det er behov for konkrete og truverdige initiativ for å skape framgang. Innsatsen vår for verifikasjon av nedrusting er heilt avgjerande for å skape tillit for framtidige våpenreduksjonar. Under generalforsamlinga i FN i fjor haust fekk vi vedteke ein resolusjon om verifikasjon som samla svært brei, tilnærma universell, oppslutning blant medlemslanda i FN. Noreg er òg ein pådrivar for å få stansa framstillinga av spaltbart materiale for våpenføremål og for å få bygd ned dei eksisterande lagra. Vi støttar aktivt opp om prøvestansregimet og sluttar opp om initiativa for å redusere rolla som kjernevåpena spelar i tryggleikspolitikken. Regjeringa medverka i fjor vinter med ein avgjerande innsats for å få sett i verk atomavtala med Iran. Dette er berre nokre døme på praktiske tiltak som er heilt vesentlege for å leggje grunnlaget for nye kjernefysiske reduksjonar. Alle desse tiltaka gjev Noreg truverde i FN i nedrustingssaker.  

Når det gjelder dei pågåande forhandlingane om eit forbod mot kjernevåpen, som starta i New York førre månad, har Noreg, saman med alle andre Nato-land, med unntak av Nederland, valt å ikkje delta fordi vi ikkje støttar framgangsmåten. Forhandlingar om eit forbod mot kjernevåpen utan at dei landa som har slike våpen er med, fører oss ikkje nærare målet om ei verd utan kjernevåpen.  

Noreg si linje er i tråd med allianseforpliktingane våre. Vi kan ikkje ha éin politikk i Nato og ein annan i FN. Nato støttar målet om ei verd utan kjernevåpen, men slår samstundes fast at det vil vere ein kjernefysisk allianse så lenge desse våpena eksisterer. Dette er avgjerder som Noreg har teke saman med våre allierte, og som vi står ved.