Svar på spørsmål om det norske mandatet for Tisa-forhandlingane

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar:

Skriftleg spørsmål nr. 1060 (2014–15)

Utanriksminister Børge Brendes svar på spørsmål frå representanten Signe Navarsete (Sp) om det norske mandatet for Tisa-forhandlingane.

Skriftleg spørsmål nr. 1060 (2014–15).
Datert 03.06.2015

 

Frå representanten Signe Navarsete (Sp):
Kan utanriksministeren offentleggjere det (opphavlege) norske mandatet for Tisa-forhandlingane som vart skrive i november 2013, og meiner utanriksministeren at regjeringas posisjonspapir no er det gjeldande norske mandatet for Tisa-forhandlingane? 

Utanriksministerens svar:
Regjeringa stadfesta i november 2013 vårt mandat i Tisa-forhandlingane, i samband med framlegginga av opningstilbodet Noreg la fram. 17. mars 2015 offentliggjorde regjeringa innhaldet i det norske mandatet slik det vart vedteke i november 2013. Det norske posisjonspapiret er Noreg sitt mandat i Tisa-forhandlingane.