Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Spørsmål nr. 1998 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl

Eg viser til brev av 1. juli 2019 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Emilie Enger Mehl til skriftleg svar:

«Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til skriftlig besvarelse til finansministeren:

Kan statsråden leggje fram ei oversikt over utviklinga i personar si inntekt etter skatt per forbrukseining fordelt på desil frå 2013 og fram til i dag for kvar av kommunane i Noreg? Denne oversikta er gjeve opp per fylke i SSB-tabell 09557.»

Svar:
Det finst ikkje offentleg statistikk for utviklinga i inntekta til hushalda etter skatt per forbrukseining fordelt på desilar frå 2013 til i dag for dei enkelte kommunane. Tabell 12558 i statistikkbanken til SSB viser likevel høgaste verdi for inntekt etter skatt i dei ulike desilgruppene for kvar kommune.

https://www.ssb.no/statbank/table/12558/

Av omsyn til konfidensialitet er høgaste verdi i 10. desil ikkje oppgitt i statistikken.

Departementet har ikkje høve til å leggje ved ein tabell for alle kommunane, då ein slik tabell vil innehalde meir enn 4000 rader.

Med helsing
Siv Jensen

 

Til toppen