Historisk arkiv

Spørsmål nr. 2001 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Sandra Borch

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Eg viser til brev av 1. juli 2019 frå Stortingets president vedlagt følgjande spørsmål frå stortingsrepresentant Sandra Borch til skriftleg svar:

«Kan statsråden leggje fram ei oversikt over totalt beløp for høvesvis reise- og pendlarfradrag per kommune per år, og dessutan talet på personer per kommune per år som dette går til i perioden 2013-2018»

Svar:
Skattytar kan krevje frådrag for reiser mellom heimen og arbeidsstad (arbeidsreiser), og for besøksreiser til heimen (besøksreiser). Frådrag for slike reiser vert overført til same post i skattemeldinga, og det er ikkje mogleg å skilje mellom dei to reisetypane i skattestatistikken. Skattytar som av omsyn til arbeidet må bu utanfor heimen, har på visse vilkår rett til frådrag for meirutgifter til kost og losji. 

Tabellane som er lagt ved dette svaret viser samla frådrag og tal på personar med frådrag for arbeids- og besøksreiser og frådrag for meirutgifter til kost og losji, for dei ulike kommunane i perioda 2013-2017. Det ligg ikkje føre oppdaterte tal for 2018.

Med helsing
Siv Jensen

 

Vedlegg (PDF)