Historisk arkiv

Spørsmål nr. 905 frå stortingsrepresentant Siv Mossleth

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Om meirverdiavgift og kabotasje

Eg viser til brev 5. februar 2019 frå Stortingets president med vedlagd spørsmål 905 frå stortingsrepresentant Siv Mossleth:

«Kan statsråden gjere greie for omfanget av momssvindel frå utanlandske busselskap, kva regjeringa gjer for å motverke dette og kva nye tiltak ho eventuelt vil gjennomføre for å sikre rettferdig konkurranse i denne marknaden?

Grunngjeving:
Meirverdiavgift skal betalast inn av alle som har omsett momspliktige varer og tenester for minst 50 000 kroner i laupet av ein periode på eitt år. Representantar frå bussnæringa melder at utanlandske konkurrentar ikkje betaler inn meirverdiavgift jamvel omsetnaden er større enn 50 000 kroner. Dette, saman med andre konkurransevridrande tilhøve, gjer at norske busselskap får ei urimeleg konkurranseulempe jamført med utanlandske konkurrentar.»

Svar:
Eg er oppteken av at meirverdiavgiftsreglane skal vere konkurransenøytrale. Meirverdiavgiftsreglane er like for norske og utanlandske aktørar som omset varer eller tenester i meirverdiavgiftsområdet. Det avgjerande for skatteplikta er arten av vara eller tenesta som vert omset, og ikkje kven som omset.

Omsetning og formidling av transporttenester i meirverdiavgiftsområdet er avgiftspliktig. For transporttenester over landegrensene er det gitt fritak for direkte og samanhengande transport. Liknande reguleringar er også vanleg i andre land. Hovudgrunngivinga er at det berre er omsetning i meirverdiavgiftsområdet som skal vere skattepliktig.

Det betyr at både norske og utanlandske busselskap som omset transporttenester i meirverdiavgiftsområdet skal registrerast i meirverdiavgiftsregisteret ved omsetning over grensa på kr 50 000 i løpet av ein periode på tolv månader. For omsetning av persontransporttenester skal dei avgiftspliktige berekne meirverdiavgift med redusert sats på 12 pst. Samstundes har dei avgiftspliktige full frådragsrett for inngåande meirverdiavgift på 25 pst. Det finst ikkje noko anslag på omfanget av manglande registrering blant utanlandske transporttilbydarar, og verknaden av dette.

Meirverdiavgiftsregelverk skal følgjast. Skatteetaten driv no målretta informasjonstiltak og kontroll av utanlandske aktørar som driv kabotasjeverksemd i Noreg for å sikre at meirverdiavgiftsreglane vert følgde. Noreg har også nyleg inngått ein avtale med EU om administrativt samarbeid på meirverdiavgifta sitt område. Avtalen sitt formål er å motverke meirverdiavgiftssvindel. Avtalen gir effektive verktøy for utveksling av informasjon, kontrollar og støtte til inndriving av meirverdiavgift over landegrensene.

Med helsing

Siv Jensen