Historisk arkiv

Svar på spørsmål nr. 1298 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Finansdepartementet

Spørsmål nr. 1298 til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal om Statens obligasjonsfond, og ny lånegarantiordning for små og mellomstore bedrifter

Eg viser til brev 2. april 2020 frå Stortingets presidentskap med følgjande spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal:

Eg viser til Stortingets vedtak om gjenoppretting av Statens obligasjonsfond, og ny lånegarantiordning for små og mellomstore bedrifter. Fleire bedrifter opplever at bankar varslar lite fleksibilitet i tolkinga av kriteriet «levedyktig», med det resultat at bedriftene ikkje kjem inn under den nye lånegarantiordninga. Til dømes blir det nokre stadar stilt krav om positivt resultat i 2019. Vil statsråden ta grep for å sikre at kriteria for tildeling av lån blir praktisert tilstrekkeleg fleksibelt?»

Svar:
Formålet med garantiordninga for lån til små og mellomstore bedrifter er å hjelpe elles levedyktige bedrifter gjennom den vanskelege situasjonen som har oppstått på grunn av virusutbrotet og tiltaka mot smittespreiing. Staten tek på seg nesten all risiko for tap på lån som blir gitt under garantiordninga, og det er difor naudsynt å avgrense ordninga til dei bedriftene som har fått problem på grunn av koronautbrotet, men som elles ville vore levedyktige. Departementet uttalte følgjande om dette i Prop. 58 LS (2019-2020):

«Garanterte lån bør bare gis til levedyktige bedrifter. Et slikt vilkår kan vanskelig operasjonaliseres i en konkret etterprøvbar regel, men følger av formålet med ordningen, og ivaretas først og fremst ved at finansforetakene har gode insentiver til å foreta hensiktsmessige kredittvurderinger gjennom ordningens mekanisme for risikodeling, jf. avsnitt 4.3.1. Det foreslås derfor å stille vilkår om at finansforetaket må forvente at bedriften vil være lønnsom under mer normale markeds­forhold etter krisen, for å kunne gi lån som er garantert under ordningen. Departementet legger til grunn at finansforetakene i slike vurderinger vil basere seg på all tilgjengelig informasjon, og herunder se hen til utsiktene for den aktuelle næringen, om bedriften tidligere og over noe tid har hatt positivt driftsresultat, og om det generelt kan sannsynliggjøres at bedriften ville vært lønnsom hvis Covid-19-krisen ikke hadde inntruffet.»

I Innst. 201 L (2019-2020) uttalte finanskomitéen at krava om at lån berre skulle gå til levedyktige bedrifter, ikkje bør praktiserast for strengt.

I tråd med fråsegnene i forarbeida er det i forskrifta til lova slått fast at dersom eit finansføretak innvilgar lån til ei bedrift under garantiordninga, så vil vilkåret om at bedrifta må forventast å vere lønsam under normale marknadstilhøve, vere oppfylt. Ordninga baserer seg på at det skal vere opp til finansføretaka sjølve, gjennom dei vanlege kredittvurderingsprosessane, å avgjere om ei bedrift forventast å vere lønsam. Finansføretaka har såleis så mykje fleksibilitet som det er mogeleg å ha i ei slik ordning.

Garantiordninga skal sørgje for at dei som blir ramma av koronautbrotet, likevel får lån, men dei bedriftene som ikkje ville fått lån under normale marknadstilhøve, vil heller ikkje vere i målgruppa for lån under denne ordninga.

Eg legg til grunn at bankane vil utøve godt bankhandverk i forvaltninga av ordninga. På same måte som bankane kvar dag nyttar skjøn når dei avgjer lånesøknader frå små og mellomstore bedrifter landet over, forventar eg at dei òg vil nytta godt skjøn under denne garantiordninga. For fleire bedrifter, til dømes nystarta bedrifter i ein vekstfase, kan vilkåret om lønsemd vere oppfylt sjølv om bedrifta ikkje hadde positivt resultat i 2019.

I den breiare vurderinga av lånegarantiordninga som regjeringa skal kome attende til Stortinget med, jf. Stortingets vedtak nr. 480 etter Innst. 216 S (2019-2020), vil departementet mellom anna sjå på korleis finansføretaka har praktisert vilkåret om lønsemd.

Med hilsen

Jan Tore Sanner