Presseinformasjon

Brende til Srebrenica for å delta på minnemarkering

Utanriksminister Børge Brende reiser til Bosnia–Hercegovina laurdag 11. juli for å delta på 20-årsmarkeringa av folkemordet i Srebrenica. Meir enn 7000 gutar og menn blei drepne av bosnisk-serbiske militærstyrkar i Srebrenica i juli 1995.

- Folkemordet i Srebrenica er det største brotsverket mot menneskeheita i Europa sidan andre verdskrigen. Det internasjonale samfunnet greidde ikkje hindre desse brotsverka. Når vi minnest Srebrenica 20 år etter, må vi  derfor ta lærdom av det som skjedde, og hindre at liknande brotsverk skjer igjen, seier utanriksminister Børge Brende.

Det er venta nærmare 50.000 besøkande under markeringa som går føre seg på minnesenteret i Potocari, like utanfor Srebrenica. På denne staden har 6.241 offer blitt gravlagde. Meir enn 130 andre offer skal gravleggjast på same staden under minnemarkeringa laurdag.

Brende skal mellom anna leggje ned blomster for å minnast dei som blei drepne, og han skal signere kondolanseprotokollen på vegner av Noreg. Utanriksministeren skal også vera tilstades under opninga av utstillinga «Srebrenica 1995-2015», der fleire fotografar stiller ut bilete som dokumenterer hendingane som skjedde i juli 1995.

I forkant av minnemarkeringa i Srebrenica deltar utanriksminister Børge Brende på Kroatia Forum i Dubrovnik fredag 10. juli.  Dette er ein årleg utanrikspolitisk konferanse  som samlar mellom andre regjeringssjefar og ministrar frå heile verda. Tema i år er utviklingspolitikk, og Brende skal delta i eit panel om framtidsretta politikk for berekraftig utvikling.

Pressekontakt: Astrid Versto 90192920