Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Stabil, låg arbeidsløyse i oktober

Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at antall ledige i oktober framleis held seg på eit lågt nivå.

Målt som del av arbeidsstyrka var den sesongjusterte registrerte arbeidsløysa 2,2 prosent i oktober, det same som i august og september. Summen av heilt ledige og ledige på tiltak held seg òg stabilt frå førre månad.

– Det er godt å sjå at den låge arbeidsløysa held fram. Samstundes er det viktig at dei som kan og ynskjer skal få bidra i arbeidslivet, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie. 

Meir info

Sjå nav.no for meir info.

Til toppen