Historisk arkiv

Stabilt i den internasjonale kornmarknaden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Det er rolige tider i den internasjonale kornmarknaden, medan ein ventar på signal om korleis avlingane neste år blir. Den siste månaden har kornprisane endra seg lite, etter at dei auka ein del like etter årsskiftet.

Verdas produksjon av kveite er ifølgje det amerikanske landbruksdepartementet (USDA) venta å bli over 751 millionar tonn i kornåret 2016–2017. Dette er høgare enn tidlegare anslag, mellom anna på grunn av større produksjon i både Argentina og Australia. Den store tilgangen har trekt dei internasjonale prisane ned den siste tida, sjølv om dei endra seg lite dei første to vekene i mars.

Auksjon av importkvotar for fôrkorn

Ifølgje den nye prognosen frå marknadsregulator Norske Felleskjøp, er den norske produksjonen av korn, erter og oljefrø på 1 265 000 tonn i 2016–2017, berre litt lågare enn den gode fjorårssesongen. Det er likevel behov for å importere råvarer til både matmjøl og kraftfôr.

Korn kvetie.
Verdas kveiteproduksjon er venta å bli over 751 millionar tonn i kornåret 2016–2017. Foto: Landbruks- og matdepartementet