Historisk arkiv

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim:

Stadfestar ikkje reguleringsplan for Garen, Sysendal i Eidfjord kommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim stadfestar ikkje reguleringsplan for Garen, Sysendalen, i Eidfjord kommune. Han er samd med Fylkesmannen i Hordaland, fylkeskommunen og Direktoratet for naturforvaltning i at planen ikkje tek nok omsyn til viktige landskapsverdiar og friluftsinteresser.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim stadfestar ikkje reguleringsplan for Garen, Sysendalen, i Eidfjord kommune. Han er samd med Fylkesmannen i Hordaland, fylkeskommunen og Direktoratet for naturforvaltning i at planen ikkje tek nok omsyn til viktige landskapsverdiar og friluftsinteresser.
I avgjersla har han lagt vekt på at Sysendalen er eit område som er nasjonalt viktig for reiseliv og friluftsliv, samt nærleiken til Hardangervidda nasjonalpark og villreinområde.

-Sysendalen er eit område som er nasjonalt viktig for reiseliv og friluftsliv. Det må difor setjas høge krav til utbygging i området.

Kommunedelplanen opnar for at det kan gjennomførast store utbyggingar i Sysendalen, og det er allereie stor utbyggingsaktivitet i dalen. Landskapet i og rundt Sysendalen er eit nasjonal og regionalt viktig landskap og eit krevjande område å planleggja i.

Utbygging i eit planområde som ligg eksponert til i ein dal som er så viktig for reiseliv og friluftsliv set særlege krav til kvalitet og ivaretaking av landskapsverdiane. Det er viktig å sikre landskaps- og friluftslivsverdiane som gjer området attraktivt for dei som reiser gjennom området, fritidsbustadseigarar og andre brukarar. Det treng ikkje vere nokon grunnleggjande motsetning mellom utbygging av det omfang planen legg opp til, og at ein får til ei god tilpassing av utbyggingane i landskapet. Men det krev bevisst planlegging og detaljert styring, noko planen som låg føre ikkje sikra.

-Eg oppfordrar difor kommunen om å gjera fleire endringar i samsvar med innspela til vidare arbeid med planen frå fylkesmannens miljøvernavdeling, fylkeskommunen og Direktoratet for naturforvaltning, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Reguleringsplanen for Garen i Sysendalen vart oversendt Miljøverndepartementet av di det lå føre motsegn frå fylkesmannens miljøvernavdeling.