Historisk arkiv

Stamvegnettet blir utvida med vel 1100 kilometer - frå 1. januar 2004

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

.

Pressemelding

Nr.: 53/02
Dato: 15.05.03

Stamvegnettet blir utvida med vel 1100 kilometer – frå 1. januar 2004

Frå og med 1. januar 2004 blir stamvegnettet utvida med 1 143 kilometer, til 8 597 kilometer. Dei nye stamvegane vil innan utgangen av 2003 bli skilta som stamvegar. Vedlikehald og drift av dei nye stamvegane vil frå årsskiftet bli gjennomført i samsvar med gjeldande stamvegstandard.

Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i eit forslag som gjeld ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område. Forslaget blei lagd fram i statsråd i dag.

- Utvidinga av stamvegnettet vil gjere det lettare å styre og samordne innsatsen på viktige fylkeskryssande transportårer og legg også til rette for å utvikle transportkorridorar der ein ser veg-, bane og sjøtransport i samanheng, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

I orienteringa blir det vist til at Stortinget i fjor haust handsama sjølve utvidinga av stamvegnett og ga sin tilslutnad til framlegget frå regjeringa. Samferdselsdepartementet har no følgd opp saka, med mellom anna tidsplan og opplegg for gjennomføring av endringane.

Riksvegane i Norge er delte inn i stamvegar og såkalla ”øvrige riksvegar”. Stamvegnettet er avgrensa til å omfatte dei viktigaste vegrutene. Dette nettet har mykje å seie for næringslivet og for person- og godstransport over lange avstandar. Stamvegnettet blir vurdert og bygd ut uavhengig av fylkesgrenser, og med sterkare prioritering og samordning frå sentrale styresmakter, enn det som er tilfelle for andre riksvegar.

Utvidinga av stamvegnettet har samanheng med at regjeringa gjekk inn for å endre kriteria for kva for stamvegar som bør inngå i stamvegnettet. Regjeringa meiner at desse typene av vegar bør inngå i stamvegnettet:

  • Alle Europavegar
  • Hovudtransportruter til og frå utlandet, først og fremst vegar som er knytte saman med stamvegnett i nabolandet
  • Gjennomgåande ruter som har mykje å seie for transportar mellom landsdelar.

Med utgangspunkt i desse kriteria vil stamvegnettet frå 1. januar 2004 bli utvida med desse riksvegstrekningane:

Riksveg 4 Oslo – E6 ved Mjøsbrua, 140 kilometer
Riksveg 5 Førde – Florø, 56 kilometer
Riksveg 9 Kristiansand – Haukeligrend, 236 kilometer
Riksveg 13 Jøsendal – Voss, 104 kilometer
Riksveg 15 Eid – Måløy, 53 kilometer
Riksveg 35 Hønefoss – Hokksund, 56 kilometer
Riksveg 36 Seljord – Eidanger, 93 kilometer
Riksveg 7 Hønefoss – Gol, 134 kilometer
Riksveg 52 Gol – Borlaug, 77 kilometer
Riksveg 70 Kristiansund – Oppdal, 161 kilometer
Riksveg 92 Karasjok – Karigasniemi, 18 kilometer
Riksveg 150 Hovin – Tjernsmyr, ”Store Ringveg” i Oslo, 15 kilometer




Til redaksjonen
For nærmare opplysningar, sjå: St.prp. nr. 67 (2002-2003) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område

Til toppen