Historisk arkiv

Startlån gjer at fleire kan eige bustaden sin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Startlån hjelper mange slik at dei kan kjøpe bustad. Vi vil sjå på korleis vi kan utvikle ordninga vidare. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

- Startlån hjelper mange slik at dei kan kjøpe bustad. Vi vil sjå på korleis vi kan utvikle ordninga vidare. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

NIBR har nyleg utarbeidd rapporten Boligkarriere for startlånsøkere på oppdrag frå Husbanken. Det kjem fram at effekten av startlånet aukar når det blir nytta saman med ordningar som bustadtilskot og bustøtte.

- Eg har tru på at enda fleire kan eige bustaden sin. Vi tek funna frå NIBR med oss i det vidare arbeidet med stortingsmeldinga om bustadpolitikken, seier Navarsete.

NIBR kan ikkje seie om kommunane er for strenge eller for rause med å gje startlån. Dei syner til at kommunane har ulike strategiar for korleis dei bruker ordninga. Sjølv om dei statlege ordningane er viktige, har nokon av dei som ikkje får startlån likevel kjøpt bustad etter få år.

– Kommunane skal kunne tilpasse bruken av startlån til lokale strategiar. Saman med kommunane skal vi vidareutvikle ein god og forsvarleg bruk av startlånet, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00,