Historisk arkiv

Startskotet går for arbeidet med ny kulturmiljølov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Utvalet skal mellom anna sjå på som kva som er eit kulturminne og kulturmiljø i dag, kva slags typar og gradar av vern og freding som skal vere del av lova, og kva for pliktar og rettar som gjeld for den som påverkar kulturmiljøverdiane Noreg.

- Kulturminnelova er frå 1978, og både samfunnet og fagfeltet har utvikla seg mykje sidan då. Mellom anna er omsyn til klima, miljø og berekraft noko som har komme for fullt inn i forvaltninga av gamle bygg, kulturminne og kulturmiljø. Det er òg behov for å sjå nærare på kva vi i dag reknar som eit kulturminne etter lova, og kva lova skal sei om kva som bør vernast eller ikkje, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Behovet for ei ny kulturminnelov vart varsla då den nye kulturmiljømeldinga vart lagt fram for Stortinget i 2020. Regjeringa har i nå vedteke å starte opp arbeidet med den nye loven.

Lovutvalget vil bli formelt nedsett hausten 2021. Før nye medlemmer blir bestemd skal sentrale myndigheiter og andre aktørar på området få moglegheit til å komme med innspel til utvalets nye mandat.

- Når ein lov som har verka i over 40 år skal avløysast av ein ny, vil det sjølvsagt være mange som har meiningar om korleis lovutvalets arbeid bør rammast inn. Eg ser fram til å få innspel til mandatet, sier Rotevatn.