Historisk arkiv

Staten vil styrkje NSB AS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa har auka satsinga på jernbana slik at togtilbodet blir styrkt kraftig i åra som kjem. Det gjer at NSB òg må auke sine investeringar monaleg. Regjeringa går difor inn for ein ny utbyttemodell som mellom anna inneber at selskapet får behalde ein større del av overskotet dei nærmaste åra, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med stortingsmeldinga om NSB som blir lagt fram i statsråd i dag.

- Regjeringa har auka satsinga på jernbana slik at togtilbodet blir styrkt kraftig i åra som kjem. Det gjer at NSB òg må auke sine investeringar monaleg. Heile 50 nye togsett er tinga, og eit stort ombyggingsprogram er i full gang. Det gjer at selskapet treng meir kapital. Regjeringa går difor inn for ein ny utbyttemodell som mellom anna inneber at selskapet får behalde ein større del av overskotet dei nærmaste åra. I staden for ein fast utbytteprosent skal utbyttet fastsetjast på bakgrunn av ei nærare vurdering av mellom anna dei konkrete behova i selskapet.

Det seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med stortingsmeldinga om NSB som vart lagt fram i statsråd i dag.

- Ein langsiktig og tydeleg eigarskap skal bidra til å sikre eit godt kollektivtilbod og andre viktige fellesinteresser. Eigarmeldinga understrekar tydelegare kva som er NSB si kjerneverksemd og kor viktig det er at alle andre aktivitetar bidreg til å styrkje kjerneverksemda. Mellom anna gjev meldinga signal om strammare grenser for investeringar utanfor landet i ein periode der vi har store vekstambisjonar for verksemda i Noreg, seier Navarsete.

Føremålet med stortingsmeldinga er å gje Stortinget ei orientering om utviklinga i NSB, og om hovudutfordringane for konsernet, strategiar og planar for dei komande åra, og regjeringas mål for eigarskapen.

Regjeringa vil gjennom eigarskapen til NSB mellom anna sikre:

  • eit best mogeleg kollektivtilbod med jernbane og buss. Målet er å auke kollektivtrafikkens del av transportarbeidet.
  • utvikling av stasjonar som kan gjere toget meir attraktiv og fungere som gode knutepunkt.
  • ein god og tett dialog med regionale styresmakter om utviklinga av dei ulike banestrekningane og tilbodet omkring desse.
  • ivareta ein kontrollerande eigarpost i godsselskapet CargoNet AS for å bidra til utvikling av gode transporttilbod for næringslivet.
  • gjennom dotterselskapet Nettbuss AS sikre ein vesentleg nasjonal aktør i ein marknad som er prega av få men store internasjonale aktørar.

Regjeringa legg vekt på at NSB er eit av fleire verkemiddel i utviklinga av samferdselspolitikken. Det blir difor understreka at det viktigaste for konsernet er å utvikle eit sikkert, kundevenleg, energieffektivt og konkurransedyktig tilbod i Noreg.

Meldinga vektlegg tydeleg NSB sitt samfunnsansvar innan dei ni tverrgåande omsyna regjeringa har trekt opp i St.meld. nr 13 (2006-2007) Et aktivt og langsiktig eierskap.

Dotterselskapet til NSB, ROM Eiendom AS, eig  jernbanestasjonar og  viktige areal tilknytt desse. Denne eigarskapen har  ikkje berre  mykje å seie for jernbanesektoren, men også for mellom anna byutviklingsføremål. Det blir difor formulert  klåre forventningar til denne delen av verksemda til NSB.

NSB står framfor store investeringar særleg innanfor person- og godstog, og innanfor eigedomsverksemda. Regjeringa meiner difor det er føremålsteneleg at det dei kommande tre til fem åra skal takast ut eit lågare utbytte frå NSB enn i dag. Staten har dei siste åra teke ut 75 prosent utbytte.

Det blir no innførd ein ny utbyttemodell som i større grad tek omsyn til selskapa sine investeringsbehov. For NSB skal det for dei komande tre til fem åra leggjast til grunn ei forventing om 50 prosent utbytte. Endeleg fastsetting av utbytte skal vurderast kvart enkelt år. I eit normalår for NSB tilsvarer dette ein reduksjon av utbytte til staten på 100 – 150 millionar kroner.

Dei overordna strategiane for konsernet har i all hovudsak lege fast sidan 2001, og vil bli vidareført i planperioden. Regjeringa gjer difor framlegg om at det for framtida som hovudregel vert utarbeidd ei eigarmelding per stortingsperiode, det vil seie kvart fjerde år.

For fleire opplysningar – sjå St.meld. nr. 21 (2008-2009) Om virksomheten til NSB AS