Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

Jernbaneføremål: Enda sterkare satsing - over 7,5 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

For 2008 er det gjort framlegg om å løyve i alt 7,511 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på 5,8 prosent. I alt 5,8 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar på linenettet. Dette er 6,1 prosent meir enn det som er løyvd for 2007.

For 2008 er det gjort framlegg om å løyve i alt 7,511 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på 5,8 prosent.

I alt 5,8 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar på linenettet. Dette er 6,1 prosent meir enn det som er løyvd for 2007.

- Med dette framlegget fører regjeringa vidare og styrkjer den store
jernbanesatsinga i 2007. Regjeringa har dermed – for to år på rad – meir enn oppfylt dei årlege planerammene for Jernbaneverket som følgjer av vedtak i Stortinget om Nasjonal  transportplan 2006 – 2009, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Investeringsmidlane skal nyttast slik at igangsette prosjekt får ei god framdrift, og slik at gevinstane ved utbygging og utbetring av linenettet skal komme brukarane til gode snarast mogeleg. Løvvingane til drift og vedlikehald er på eit høgare nivå enn det som er lagt opp til i Nasjonal transportplan for 2006-2009, seier samferdselsministeren.

Drift og vedlikehald av linjenettet: Nær 3,4 milliardar kroner

Til drift og vedlikehald av jernbanenettet, medrekna Gardermobanen, er det sett av til saman 3,46 milliardar kroner, ein auke på om lag 216 millionar kroner eller nær 6,7 prosent.  

På grunn av nye oppgåver i samband med igangsetting av drift av togradiosystemet GSM-R  og for å sikre at toga er punktlege og har god regularitet, har ein styrkt driftsbudsjettet vesentleg, medan løyvingane til vedlikehald er ført vidare på samme nivå som i 2007.

Investeringar i linenettet: 2,34 milliardar kroner

Regjeringa foreslår å løyve om lag 2,34 milliardar kroner til investeringar i linenettet. Dette er ein auke på nær 120 millionar kroner eller 5,4 prosent. Forslaget inneber eit historisk høgt nivå for satsing på infrastrukturen til jernbanen.

Midlane skal mellom anna nyttast på dei to prosjekta Lysaker - Sandvika og Lysaker stasjon, på Drammenbanen. Det er og sett av midlar til utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger, slik at dette kan gjerast ferdig etter planen i 2009. Budsjettframlegget omfattar elles midlar til utbygging av fjernstyring på  strekninga Grong - Bodø  på Nordlandsbanen, fullføring av utbygginga av togradiosystemet GSM-R og til planlegging og tiltak for å auke kapasiteten i linenettet, med hovudvekt på bygging av kryssingsspor. Dette er tiltak som særleg kjem godstrafikken til gode.

Innanfor budsjettet til Jernbaneverket er det sett av om lag 450 millionar kroner til planlegging, tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane Ganddal i Rogaland, Alnabru  i Oslo og Brattøra i Trondheim og midlar til planlegging og bygging av  kryssingsspor ved Berg på Østfoldbanen, Fauske stasjon og Røkland på Nordlandsbanen og mellom Alnabru og Roa på Gjøvikbanen. Det er elles sett av midlar til planlegging av kryssingsspor mellom Kristiansand og Egersund på Sørlandsbanen og til planlegging av dobbeltspor Bergen stasjon - Fløen.

Statleg kjøp av persontransporttenester med tog: Nær 1,7 milliardar kroner

1 657,6 millionar kroner er ført opp til statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Dette kjøpet gjeld i hovudsak kjøp av transporttenester frå NSB AS og omfattar  toggruppene nærtrafikk, intercitytrafikk, region- og matetrafikk. I tillegg omfattar kjøpet av persontransporttenester frå NSB AS også nattog og fjerntog på Nordlandsbanen, det vil seie strekninga Trondheim - Bodø.

I tillegg kjem kjøp av togtilbod Oslo – Stockholm, kjøp frå NSB Anbud AS av persontransport med tog på Gjøvikbanen og kjøp av persontransport med tog på Ofotbanen.

Statens jernbanetilsyn: 35,6 millionar kroner 

Til drift av Statens jernbanetilsyn er det sett av 35,6 millionar kroner.

Investeringar på linenettet: Fordeling av nær 2,4 milliardar kroner

Regjeringa foreslår i alt 2 339 millionar kroner til investeringar i linenettet. Dette er ein auke på 119,5 millionar kroner eller 5,4 prosent frå 2007. Beløpet er fordelt til ei rekkje tiltak over heile linenettet:

Togradio

134 millionar kroner er avsett til sluttoppgjer for utbygging av togradiosystem av typen GSM-R (Global System for Mobile Communications – Rail). Utbygginga omfattar i alt 4000 kilometer togline, og blir i all hovudsak ferdig i løpet av hausten 2007.

Drammenbanen Lysaker – Asker

890 millionar kroner er ført opp til vidare arbeid på strekninga Lysaker – Asker, på Drammenbanen. Av dette beløpet skal 230 millioner kroner nyttast til prosjektet Lysaker stasjon. 660 millioner kroner går til arbeid med eit nytt, 5,6 kilometer langt dobbeltspor Lysaker – Sandvika, med sikte på at dette arbeidet skal vere ferdig i 2011.

Prosjektet Lysaker stasjon omfattar 0,9 kilometer nytt dobbeltspor, medrekna ny jernbanebru over Lysakerelva. I tilknyting til den nye stasjonen skal det byggjast ny busstasjon. Etter tidlegare planar skulle Nye Lysaker stasjon samordnast med ein såkalla automatbane mellom Lysaker og Fornebu. Akershus fylkeskommune har no vedtatt at ein ikkje skal byggje automatbane, og at det i staden skal leggjast opp til å byggje eit bybanesamband til Fornebu. – Samferdselsdepartementet har difor bedt Jernbaneverket om å stanse arbeidet med tilrettelegging for ei automatbaneløysing på Lysaker stasjon, går det fram av budsjettforslaget.

Alnabru godsterminal

40 millionar kroner er sett av til strakstiltak ved  Alnabru godsterminal i Oslo. Midlane skal nyttast til tiltak for å auke kapasiteten, i påvente av at ny terminal blir ferdig. Strakstiltaka blir gjennomførte i 2007 og 2008, og vil føre til ein kapasitetsauke på 20 prosent, samanlikna med det som er tilfelle i dag.

I tillegg er det sett av midlar til vidare planlegging og kjøp av grunn for prosjektet Alnabru godsterminal. - Kostnadene for prosjektet har no vist seg å vere mykje større enn det tidlegare har vore rekna med. På bakgrunn av denne auken er Jernbaneverket i ferd med å utarbeide nye planar som må  gjennomgå ekstern kvalitetssikring før det kan få ny løyving. Samferdselsdepartementet tek sikte på å komme med forslag til ny løyving til prosjektet i samband med statsbudsjettet for 2009, går det fram av budsjettforslaget.

Ganddal godsterminal

30 millionar kroner er foreslått til sluttføring av prosjektet Ganddal godsterminal i Rogaland. Den nye terminalen vil erstatte dagens terminalar i Stavanger og Sandnes.
Terminalen vil gi meir rasjonell drift for togselskap og speditørar. Den nye terminalen vil gjere det mogleg å køyre med same togstamme frå Oslo til Ganddal, losse og laste og returnerer til Oslo innanfor eitt døgn. Utbygginga av Ganddal godsterminal må elles sjåast i samanheng med utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger, på Jærbanen.

Jærbanen: Utbygging til dobbeltspor Sandnes – Stavanger

570 millionar kroner er sett av til utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. Utbygginga vil gi ein vesentleg auke i kapasiteten på strekninga. Dette legg til rette for å forbetre driftsstabiliteten på strekninga, samtidig som det blir mogeleg å få til nye og meir kundetilpassa ruteopplegg for lokal- og regiontrafikken til og frå Stavanger. På grunn av sterk prisauke i anleggsmarknaden er det lagt fram eit nytt kostnadsoverslag for prosjektet. Det nye kostnadsoverslaget ligg høgare enn det som tidlegare var rekna med. Framdrifta for prosjektet blir likevel oppretthalde, slik at det kan stå ferdig etter planen, det vil seie i desember 2009.

Ombygging av Brattøra godsterminal

4 millioner kroner er avsett til sluttfinansiering av prosjektet med ombygging av Brattøra godsterminal i Trondheim. Arbeidet skal vere ferdig i 2008 og vil frigi areal som skal nyttast for å gjennomføre den vedtatte utbygginga av riksvegprosjektet Nordre avlastningsveg i Trondheim.

Fjernstyring av Nordlandsbanen

Til saman 285 millionar kroner er foreslått til utbygging av fjernstyring på jernbanestrekninga Grong – Bodø. Utbygginga vil føre til auka kapasitet og meir påliteleg togtrafikk. 42 millionar kroner er sett av til sluttfinansiering av prosjektet Grong – Mosjøen, som er venta å kunne setjast i drift i 2007. Til vidare utbygging av fjernstyring på strekninga Mosjøen – Bodø er det ført opp 243 millionar kroner. På grunn av mellom anna sterk prisauke i anleggsmarknaden er det utarbeidd nytt kostnadsoverslag som viser ein kostnadsauke for prosjektet. Arbeida på prosjektet held likevel fram slik at  fjernstyringa på denne strekninga skal komme i vanleg drift ved årsskiftet 2009/2010.

Investeringsprogram for tryggare trafikk

107 millionar kroner er ført opp til eit eige program som er særleg retta inn mot å gjere jernbanetransporten enda tryggare. Midlane vil mellom anna bli nytta til sikring og fjerning av planovergangar og til brann- og tunnelsikring.

Stasjonar og knutepunkt – betre tilgjengeleg for publikum

100 millionar kroner er sett av til tiltak for å gjere stasjonar og trafikknutepunkt betre tilgjengeleg for publikum. Som ein del av desse tiltaka vil det mellom anna bli lagt vekt på betre informasjon og service for publikum, i tillegg til arbeid som er med på å gjere publikumsområda enda tryggare.

For 2008 har ein prioritert vidareføring og avslutning av dei større ombyggingstiltak på stasjonane Haugenstua, Strømmen, Nationaltheatret (brannsikring) og Mo i Rana. I tillegg blir det foreslått fleire mindre strakstiltak for å betre forhold, særleg ved stasjonar med stor trafikk.

Tiltak for å auke kapasiteten

105,6 millionar kroner skal brukast til tiltak for å auke kapasiteten på det eksisterande jernbanenettet, både for gods- og persontransport.  Dette blir gjort ved å gjennomføre mindre investeringstiltak som forlenging av eksisterande kryssingsspor, bygging av nye kryssingsspor, modernisering av driftsbanegardar og godsterminalar, tekniske tiltak i signalanlegg, betre forsyning av banestraum, profilutvidingar (lasteprofil for godstransport) og tiltak for auka bereevne.

Innanfor den foreslåtte løyvinga vil det mellom anna bli gjennomført strakstiltak på Alnabru godsterminal i Oslo, slik at kapasiteten kan aukast med 20 prosent. I tillegg vil løyvinga dekkje arbeid med vidare utbygging av Berg kryssingsspor på Østfoldbanen og prosjektering av Jensrud kryssingsspor mellom Alnabru og Roa, på Gjøvikbanen. Utbygginga Jensrud kryssingsspor vil vere med på å auke kapasiteten for godstog på Bergensbanen.

Det er elles lagt opp til bygging av ny sporsløyfe på Drammen stasjon, slik at Flytoget kan snu i Drammen i staden for i Asker. Midlar til planlegging av kryssingsspor mellom Kristiansand og Egersund er og omfatta av løyvinga. Det er også sett av midlar til planlegging av forlenging av kryssingsspor på Fauske stasjon og til planlegging av Røkland kryssingsspor. Saman med tiltak som inngår i utbygginga av fjernstyring på Nordlandsbanen vil forlenginga av kryssingssporet ved Fauske stasjon og bygging av Røkland kryssingsspor føre til at talet på godstog på Nordlandsbanen kan aukast frå tre til fire/fem tog i døgnet i kvar retning.

Planlegging og prosjektering av nye investeringsprosjekt

93 millionar kroner er  ført opp til planlegging og prosjektering av nye investeringsprosjekt som inngår i Nasjonal transportplan 2006 - 2009.

Midlane skal mellom anna nyttast til planlegging av Gevingåsen tunnel med sikte på at anleggsarbeid kan starte i 2009, slik at masseuttak frå tunnelen kan nyttast til den planlagde utvidinga ved Trondheim lufthamn, Værnes, i regi av Avinor AS.

For utbygginga av dobbeltspor Kolbotn – Ski ligg det no føre godkjend kommunedelplan. Jernbaneverket er no i ferd med å revurdere det planlagde trasevalet, mellom anna med bakgrunn i val av stoppmønster, og Jernbaneverket vurderer no mogeleg tilkopling av austre line på Østfoldbanen til nytt dobbeltspor nord for Ski stasjon.  

Det er elles sett av midlar til planlegging av dobbeltspor på strekninga Eidsvoll – Hamar på Dovrebanen. Planlegginga, som no er i gang, skjer i samarbeid med Statens vegvesen.

For prosjektet dobbeltspor Holm – Nykirke på Vestfoldbanen tok deltaljplanarbeidet til i juni i år, med sikte på at reguleringsplan skal vere ferdig primo 2008. Planarbeidet vil bli delt i to, med sikte på at byggjeplan for strekninga Holm – Holmestrand skal vere ferdig i 2008, etterfølgd av byggjeplan for strekninga Holmestrand – Nykirke.

For prosjektet Farriseidet – Porsgrunn på Vestfoldbanen er det utarbeidd detaljplan for delstrekninga Telemark grense – Porsgrunn, og reguleringsplanen blei godkjend i 2002. Jernbaneverket har sett i gang arbeid med detaljplan for denne delstrekninga, med sikte på at reguleringsplan skal ut på offentleg handsaming ved årsskiftet 2007/2008.

Dobbeltsporet Barkåker – Tønsberg, på Vestfoldbanen, er ferdig planlagd. Samferdselsdepartementet har likevel valt å vente med å setje i gang dette prosjektet, fordi ein har valt å prioritere rasjonell framdrift av dei store prosjekta som alt er sette i gang.

20 millionar kroner er sett av til vidare planlegging av dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen.

Utbytte

Innanfor jernbanesektoren eig Samferdselsdepartementet to selskap, NSB AS og Baneservice AS. Regjeringa foreslår eit utbytte på 349 millionar kroner frå NSB AS i 2008. For BaneService er det ikkje budsjettert med utbytte for 2008.

Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen