Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2008

Sterk satsing på samferdsel - 24,7 milliardar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 24,7 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2008. Dette er ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner eller 4,7 prosent frå saldert budsjett for 2007.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 24,7 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2008. Dette er ein auke på om lag 1,1 milliardar kroner eller 4,7 prosent frå saldert budsjett for 2007.

- Regjeringa leverer det vi har lova. Løyvingane til både veg- og jernbaneføremål aukar, samanlikna med 2007. Jernbanebudsjettet for 2008 er det høgaste i moderne tid.

- Med dette framlegget har regjeringa – for både veg- og jernbaneløyvingar i 2007 og 2008 – meir enn oppfylt det som i vedtak i Stortinget om Nasjonal transportplan 2006-2009 svarar til to år av planperioden. Framlegget gir såleis rom til å ta inn om lag 200 millionar kroner av etterslepet frå 2006, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- For både veg og jernbane har regjeringa funne det nødvendig å styrkje drift og vedlikehald utover det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan. Også løyvingar til drift av riksvegferjer er styrkt, samanlikna med Nasjonal transportplan.

Regjeringa har prioritert drifts-, vedlikehalds- og utbyggingstiltak som fører til tryggare, meir effektiv og miljøvennleg transport i heile landet. Regjeringa har lagt særleg vekt på tiltak som gir betre flyt i trafikken i tettbygde strok, reduserer avstandskostnader og betrar transporttilbodet for folk og næringsliv. Den sterke jernbanesatsinga, midlar til kollektivtiltak på vegnettet, belønnings-og støtteordningar for kollektivtransporten i både storbyområda og i distrikta, er med på å minske miljøulempene. Endringar i avgiftssystemet og løyvingar til forsking for å fremje utvikling og bruk av meir miljøvennleg teknologi og drivstoff i transportsektoren, er også viktige tiltak for å få bukt med veksten i utsleppa av klimagass, seier samferdselsministeren.

Til vegføremål er det sett av i alt vel  15,43 milliardar kroner, ein auke på vel 575 millionar kroner eller 3,9 prosent frå 2007.

Forslaget til løyvingar til jernbaneføremål er på vel 7,51 milliardar kroner, ein auke på vel 411 millionar kroner eller  5,8 prosent, samanlikna med 2007. 

Elles er til saman 1,77 milliardar kroner fordelt til mellom anna forsking og utvikling, luftfartsføremål, særskilte transporttiltak, posttenester og telekommunikasjon.

Vegføremål: 15,43 milliardar kroner 

Regjeringa foreslår for neste år ei samla statleg løyving på 15, 43 milliardar kroner til vegføremål, medrekna statleg kjøp av riksvegferjetenester. Dette er 575,5 millionar kroner eller 3,9 prosent meir enn saldert budsjett for 2007.

Av den foreslåtte løyvinga til vegføremål er 7,06 milliardar kroner sett av til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke 4,3 prosent frå  2007. Innanfor drift og vedlikehald har ein prioritert tiltak for å gjere trafikken enda tryggare. Dette gjeld særleg vinterdrifta og tiltak retta mot svært ulukkesutsette vegstrekningar. Neste år vil det bli brukt meir til vedlikehald av bruer og tunnelar enn i 2007. Den høge innsatsen i vegvedlikehaldet, medrekna legging av nytt asfaltdekke, vil bli ført vidare i 2008.

I alt 6,53 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, medrekna midlar til rassikring og midlar til utbygging av E18 Bjørvikatunnelen i Oslo. Dette er 256,4 millionar kroner eller  4,1 prosent meir enn for 2007.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem 4,9 milliardar kroner som bompengeselskapa vil stille til rådvelde neste år for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet, medrekna 710 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikk.

Neste år er det planlagt anleggsstart for desse sju større riksvegprosjekta, det vil seie prosjekt med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:

• E39 Stangeland – Sandved i Rogaland
• riksveg 80 Røvika – Strømsnes i Nordland
• riksveg 7 Ramsrud – Kjeldsbergsvingane ved Hønefoss i Buskerud
• riksveg 168 Bogstadveien i Oslo
• E39 Kvivsvegen mellom Hornindal i Sogn og Fjordane og Volda i Møre og Romsdal
• riksveg 47 ”T-forbindelsen” i Rogaland
• riksveg 567 Hauge – Lonevåg i Hordaland

For dei tre siste prosjekta er anleggsstart i 2008 avhengig av endelege vedtak om tilslutnad til opplegg med delvis bompengefinansiering. For opprusting av riksveg 168 Bogstadveien er prosjektstart avhengig av at reguleringsplanen blir godkjend og at Oslo kommune og Statens vegvesen blir samde om korleis kostnadane skal delast.

I tillegg blir det i 2008 anleggstart for ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegane og på resten av riksvegnettet.

Av dei samla løyvingane til veginvesteringar er 329 millionar kroner sett av på ein eigen budsjettpost for rassikring. Desse midlane vil, saman med bompengemidlar og bruk av ordinære investeringsmidlar, føre til at det i 2008 vil bli nytta i alt 520 millionar kroner til utbygging som gir rassikringsgevinst.

Regjeringa gjer framlegg om til saman 520 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikksikring på vegnettet. Av dette er 470 millionar kroner statlege midlar. I tillegg til desse særskilte tiltaka kjem den auka tryggleiken ein får ved bygging av nye vegar, gang- og sykkelvegar, rassikring, kontroll og tilsyn.

Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veg er det lagt til grunn at det i 2008 skal brukast til saman 590 millionar kroner, medrekna 250 millionar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet, og som dermed blir finansiert ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.

For 2008 er det lagt opp til at det ved hjelp av tilgjengelege ”vegmidlar” skal brukast i alt 900 millionar kroner til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er 710 millionar kroner bompengemidlar, medan 190 millionar kroner er statlege midlar som inngår i løyvingane til riksveginvesteringar. Bygging av Bybanen i Bergen og opprusting av Kolsåsbanen i Oslo og Akershus, er dei største prosjekta.  Midlane skal elles nyttast til arbeid i fleire byområde for å få større fart og betre flyt i trafikken for bussar og trikkar. ”Vegmidlar” vil dessutan bli nytta til å utbygging av innfartsparkering, oppgradering av kollektivterminalar og tilrettelegging av haldeplassar og knutepunkt for ekspressbussar. I tillegg har ein prioritert arbeid med å gjere kollektivtransporten meir tilgjengleg for alle.  

Innanfor framlegget til veginvesteringar er det sett av 100 millionar kroner til ”Nasjonale turistvegar” for å dekkje den statlege satsinga på desse prosjekta.

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1,6 milliard kroner. Dette er ein auke på 5,7 prosent frå 2007. Regjeringa gjer framlegg om å auke rabattsatsen på rabattsatsen på sonekort og verdikort for køyretøy, frå 45 prosent til 50 prosent frå 1. mai 2008.

For riksvegferjene legg Samferdselsdepartementet til grunn ein takstauke på 4,3 prosent frå 1. januar neste år

Jernbaneføremål: 7,5 milliardar kroner - investeringar aukar med 5,4 prosent

For 2008 er det gjort framlegg om å løyve i alt 7,511 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på 5,8 prosent.

I alt 5,8 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar på linenettet. Dette er 6,1 prosent meir enn det som er løyvd for 2007.

Til drift og vedlikehald av jernbanenettet er det sett av til saman 3,46 milliardar kroner, ein auke på om lag 216 millionar kroner eller nær 6,7 prosent. For å sikre at toga er punktlege og har god regularitet har ein, samanlikna med 2007, styrkt driftsbudsjettet vesentleg, medan løyvingane til vedlikehald er ført vidare på samme nivå. 

Regjeringa foreslår 2,34 milliardar kroner til investeringar i linenettet. Dette er ein auke på nær 120 millionar kroner eller 5,4 prosent. Forslaget inneber eit historisk høgt nivå for satsing på infrastrukturen til jernbanen.

Innanfor løyvingane til investeringar er det mellom anna sett av midlar for å sikre rasjonell framdrift for prosjekt som alt er komne i gang. Midlane skal mellom anna nyttast på dei to viktige prosjekta Lysaker - Sandvika og Lysaker stasjon, på Drammenbanen. Det er òg sett av midlar til utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. Budsjettframlegget omfattar ellers midlar til utbygging av fjernstyring  på Nordlandsbanen, fullføring av utbygginga av togradiosystemet GSM-R og tiltak for å auke kapasiteten i linenettet, med hovudvekt på bygging av kryssingsspor.

Om lag 450 millioner kroner er sett av til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfatter mellom anna midlar til godsterminalane Ganddal i Rogaland, Alnabru  i Oslo og Brattøra i Trondheim og midlar til kryssingsspor ved Berg på Østfoldbanen, ved Fauske stasjon og ved Røkland på Nordlandsbanen og mellom Alnabru og Roa på Gjøvikbanen. Det er elles sett av midlar til planlegging av kryssingsspor mellom Kristiansand og Egersund og dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen.  

Til drift av Statens jernbanetilsyn er det sett av 35,6 millionar kroner.

Løyvingane til jernbaneføremål omfattar òg vel 1,6 milliard kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog.

Luftfart: 711 millionar kroner

Samla budsjettforslag for statlege utgifter til luftfartsføremål i 2008 er på 711 millionar kroner, ein auke på 4,7 prosent frå 2007.
 
For 2008 er det foreslått 501,4 millionar kroner til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Løyvingane skal vere med på å leggje til rette for eit effektivt og likeverdig flyrutetilbod for folk og næringsliv i heile landet.

For 2008 er det ikkje foreslått statleg tilskott til dei regionale flyplassane til Avinor AS.
Dette har samanheng med at Avinor no har ein god økonomi, noko som gjer det mogeleg å overføre midlar frå bedriftsøkonomisk lønsame Avinor-lufthamner til lufthamner som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame.

Regjeringa gjer framlegg om 13,4 millionar kroner i tilskott til ikkje-statlege flyplassar. Dette gjeld tilskott til flygeinformasjonstenesta ("AFIS-tilskott") ved ikkje-statlege flyplassar med rutetrafikk.

Til Luftfartstilsynet er det gjort framlegg om å løyve 149,2 millionar kroner.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 47 millionar kroner til Statens havarikommisjon for transport. Dette er ein auke på 9,7 millionar kroner frå 2007. Auken heng i all hovudsak saman med at ansvarsområdet til kommisjonen frå 1. juli neste år skal utvidast til også å omfatte ulukker og alvorlege hendingar i sjøfarten. Kommisjonen får dermed ansvar for å undersøke ulykker og alvorlege hendingar innan sjøfart, sivil luftfart, jernbane- og vegtransport.

Tiltak for kollektivtransport: 10,9 milliardar kroner

Til tiltak som har verknad for kollektivtransporten skal det for 2008 nyttast i alt 10,9 milliardar kroner, medrekna 710 millionar kroner i bompengar. Samanlikna med 2007 er dette ein auke på over fire prosent.  

Midlane omfattar mellom anna statleg kjøp av persontransporttenester med tog, løyvingar til utbygging drift og vedlikehald av jernbanenettet, kollektivtiltak finansert over vegbudsjettet eller ved hjelp av bompengar, kjøp av riksvegferjetenester, kjøp av sjøtransporttenester Bergen - Kirkenes (i tråd  med ”Hurtigruteavtalen”) og statleg kjøp av flyrutetenester.

I beløpet på 10,9 milliardar kroner inngår elles ei løyving på 161,7 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområda” og 20 millionar kroner til prøveprosjekt med sikte på å utvikle modellar og løysingar som kan vere med på å betre kollektivtilbodet i distrikta.

Kollektivsatsinga omfattar dessutan eit tilskott på 52,1 millionar kroner   
til kommunar og fylkeskommunar for å sikre raskare framdrift og betre samordning av arbeidet med å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle grupper av reisande (BRA-programmet).

I tillegg til desse statlege midlane og bompengemidlane kjem fylkeskommunale midlar til lokal kollektivtransport, medrekna løyvingar til skule- og studentrabatt i lokal kollektivtransport.

Vegprising og bruk av bompengar til drift av kollektivtransport

I budsjettframlegget blir det vist til at Stortinget våren 2001 vedtok ei endring i vegtrafikkloven som gir heimel til innføring av ordningar med vegprising. Denne lovendringa er enno ikkje sett i verk. - Det er heller ikkje utarbeidd utfyllande forskrifter.  Samferdselsdepartementet meiner det er naturleg å sluttføre arbeidet med å få det formelle heimelsgrunnlaget på plass. Departementet vil difor arbeide vidare med å få sett i verk den vedtekne lovendringa, og tek sikte på å utarbeide eit forslag til utfyllande forskrifter. Eg har elles tidlegare varsla at regjeringa i haust vil leggje fram eit forslag om endring i vegloven, med sikte på å få ein lovheimel som gjer at inntekter frå bompengeinnkrevjing også kan nyttast til drift av kollektivtransport, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Post og telekommunikasjonar

For post og telekommunikasjon er det gjort framlegg om i alt 208 millionar kroner i statlege løyvingar for 2008. Heile beløpet gjeld Post- og teletilsynet.

Regjeringa ønskjer å sikre husstandar og bedrifter i Norge tilgang til grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelige prisar. Det omfattar mellom anna omdeling av post seks gonger i veka og einskapsporto.

Vinteren 2006 leverte Posten for dårleg, med altfor lange framsendingstider. Posten skal no syte for å følgje opp og evaluere kvaliteten på framsendinga av post. Som eit ledd i dette arbeidet blir det frå hausten 2007 etablert kvartalsvise målingar av framsendingstid på regionalt nivå.

Forsking og utvikling samferdselssektoren: I alt 170 millionar kroner – satsing på miljøvennleg transport

Regjeringa foreslår at det over budsjettet til Samferdselsdepartementet for 2008 skal løyvast i alt 170 millionar kroner til forsking, utgreiing, utvikling og forsøk, med hovudvekt på midlar til forskningsprogram og -prosjekt innanfor sektorane transport og telekommunikasjon.

Av midlane til transportforsking er nær 30 millionar kroner sett av til forskingsprogrammet RENERGI, som omfattar bruk og utvikling av miljøvennleg teknologi og drivstoff, mellom anna hydrogen og biodrivstoff. Delar av denne løyvinga er knytt til regjeringa sin nasjonale hydrogenstrategi.

Til redaksjonen
Fleire spesialpressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2008 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak: Sjå nettsider om SD-budsjett

Til toppen