Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2017: Foreslår fast tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa foreslår at refusjonsordninga for kommunale barnevernstiltak til einslege mindreårige flyktningar leggast om til ei ordning med fast tilskot per einsleg mindreårig flyktning frå 1. januar 2017. Det nye tilskotet vil ikkje vere avhengig av at det fattast barnevernsvedtak.

- Ei ordning med fast tilskot vil vere mindre byråkratisk og meir føreseieleg enn dagens refusjonsordning. Det gjeld både for stat og kommune. Ordninga vil også bidra til at kommunane sjølv vil finne dei beste løysingane, seier barne- og likestillingsminister Solveig Horne (FrP).

Regjeringa foreslår at tilskotet skal vere på 1 198 000 kroner per person per år til og med det året flyktningane fyller 16 år, 750 000 kroner frå og med det året dei fyller 17 år til og med det året dei fyller 20 år. Tilskotet slåast saman med særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar (sjå budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet).

- Differensiering av tilskotssatsane kan bidra til auka busetting av dei yngste barna, seier Horne.

I forbindelse med omlegginga av refusjonsordninga foreslår regjeringa også å utvide ordninga med særskilt tilskot ved busetting av flyktningar med alvorlege, kjente funksjonshemmingar og/eller åtferdsvanskar. Einslege mindreårige flyktningar kan utløyse dette tilskotet til og med det året dei fyller 20 år, sjølv om integreringstilskotsperioden på fem år er over.

- Forslaget gir kommunane ei større sikkerheit ved busetting av einslege mindreårige flyktningar med særlege behov, seier Horne.

Regjeringa foreslår å overføre budsjettmidla frå refusjonsordninga til det nye tilskotet. Omlegginga fører isolert sett ikkje til endringar i dei gjennomsnittlege overføringane til kommunane per einsleg mindreårig flyktning. Det er berre føresetnadane for utbetaling som blir endra. Som fylgje av ulikt etterslep i gamal og ny ordning fører omlegginga likevel til ei auking i dei totale overføringane til kommunane i 2017. Dette utgjer om lag 470 millionar kroner.

Kommunane skal framleis kunne søke refusjon av utgifter dei hadde til og med 31. desember 2016. Søknadar må sendast Bufdir innan 1. august 2017.

Den nye ordninga skal forvaltast av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).