Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2002: Nær 1,3 milliardar kroner til luftfartsføremål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 1 254,4 millionar kroner til luftfartsføremål i 2002. Dette er ei auke på 6,1 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2001. (11.10.2001)

Pressemelding

Nr.: 104/01
Dato: 11.10.2001

Statsbudsjettet 2002:

Nær 1,3 milliardar kroner til luftfartsføremål

Regjeringa gjer framlegg om å løyve i alt 1 254,4 millionar kroner til luftfartsføremål i 2002. Dette er ei auke på 6,1 prosent, samanlikna med saldert budsjett 2001.

Utgiftene til drift og investeringar for det statlege luftfartsnettet vil også i 2002 i all hovudsak bli dekte av inntektene Luftfartsverket har frå luftfarten, det vil seie inntekter frå luftfartsavgifter og frå forretningsverksemd ved flyplassane.

Det er rekna med at trafikknivået i 2002 vil vere om lag det same for 2001, noko som vil vere ein nedgang i høve til trafikken i 2000. For 2002 blir det gjort framlegg om ein auke på 3,9 prosent i satsane for dei avgiftene Luftfartsverket tar inn, for å kompensere for prisstiginga i dei siste år. Dei samla inntektene til Luftfartsverket (avgifter og kommersielle inntekter) i 2002 er likevel venta å gå ned med 1,8 prosent, samanlikna med 2000.

412,4 millionar kroner skal nyttast til statleg kjøp av flyrutetenester, på regionale flyrute- strekningar som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Dette er ein auke med nær 25 millionar kroner eller om lag 6,3 prosent, i høve til saldert budsjett for 2001.

97 millionar kroner er sette av som tilskott for å dekkje delar av utgiftene til drift og investeringar ved dei regionale lufthamnene som staten overtok i 1997 og 1998.

Redusert overskotskrav

For 2002 er det ikkje stilt krav om økonomisk overskot for Luftfartsverket, medan kravet i saldert budsjett for 2001var 134 millionar kroner.

Til Luftfartsverket sine investeringar ved lufthamnene, utanom Oslo lufthamn Gardermoen, er det gjort framlegg om i alt 598,4 millionar kroner. Dette er om lag 100 millionar kroner lågare enn saldert budsjett 2001. Økonomien til Luftfartsverket er blitt dårlegare, som følgje av lågare flytrafikk og auka kostnader. Dette får igjen innverknad på kor store beløp Luftfartsverket kan setje av til investeringar.

Framlegget til investeringar er fordelt med 493,4 millionar kroner på stamrutenettet og 105 millionar kroner til dei regionale lufthamnene. Det er lagt vekt på vedlikehald og utbyggings- og investeringstiltak som gjeld tryggleiken for flytrafikken. Bygging av nytt tårn- og sikringsbygg ved Trondheim lufthamn Værnes, er blant dei større investeringsprosjekta i 2002.

116,3 millionar kroner er sette av til Luftfartstilsynet, som er eit eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet. Til Havarikommisjonen for sivil luftfart, HSL, er det gjort framlegg om ei løyving på 20,2 millionar kroner. I budsjettframlegget er det lagt til grunn at ansvarsområdet til HSL heretter skal utvidast til også å omfatte gransking av alvorlege hendingar og ulykker i jernbanesektoren.

Stamruteflyplassane: Investeringar for vel 493 millionar kroner

I budsjettframlegget er 493,4 millionar kroner sette av til investeringar ved stamruteflyplassane. Beløpet er fordelt slik:

  • 60 millionar kroner til nytt tårn og sikringsbygg ved Trondheim lufthamn, Værnes.
  • 177 millionar kroner til arbeid ved fleire stamruteflyplassar. Midlane skal nyttast til reasfaltering av rullebanar, utbetring av bygg og baneanlegg og til ymse byggjearbeid, mellom anna ved Bardufoss lufthamn.
  • 80,4 millionar kroner til flysikringsanlegg, medrekna flyverteneste. Midlane skal mellom anna nyttast til vedlikehald og fornying av navigasjons- og kommunikasjonsutstyr, verradarar og andre hjelpemiddel.
  • 76 millionar kroner til utskifting av flykontrollsystem ved kontrollsentralane ved lufthamnene i Stavanger, Bergen, Trondheim og Bodø.
  • 30 millionar kroner til ”rullande materiell” ved lufthamnene, mellom anna utstyr for å oppretthalde tryggleiken ved flyoperasjonar under vinterlege tilhøve.
  • 70 millionar kroner er ført opp under posten ”Andre tiltak”, og skal nyttast til mellom anna miljøtiltak og føremål som gjeld informasjonsteknologi, betaling for kjøp av grunn og kommersielle tiltak.

Investeringar ved regionale lufthamner

105 millionar kroner er sette av til investeringar ved dei regionale lufthamnene. Midlane er fordelte slik:

  • 52,5 millionar kroner til mellom anna arbeid med å fullføre nytt kontrolltårn ved Florø lufthamn og til reasfaltering av rullebanesystem.
  • 20 millionar kroner til fornying og utskifting av flynavigasjonsanlegg og flyvertenesta på dei regionale lufthamnene.
  • 8,5 millionar kroner skal nyttast til teknisk og operativ oppgradering av regionale flyplassar, mellom anna oppgradering av lysanlegg ved ein del regionale flyplassar.
  • 21,5 millionar kroner til rullande materiell, mellom anna utstyr for å oppretthalde tryggleiken for flyoperasjonar under vinterlege tilhøve.

Treningssenter for brann- og redningsteneste – i Tjeldsund

Det er sett av 3 millionar kroner i samband med nytt treningssenter for brann- og redningsteneste i Tjeldsund i Nordland. Senteret vil bli samlokalisert med Noregs brannskole. Beløpet skal mellom anna nyttast til planlegging og prosjektering av øvingsfelt for Luftfartsverket.