Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2002 - Olje- og energidepartementet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 117/01
Dato: 11.10.2001

Kontaktperson: Sigmund Johansen, 22 24 61 33
Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Statsbudsjettet 2002 – Olje- og energidepartementet

Regjeringa sitt budsjettforslag for Olje- og energidepartementet har ei utgiftsside på om lag 17,8 mrd. kroner og ei inntektsside på om lag 107,6 mrd. kroner. Dei viktigaste satsingane over departementet sitt budsjett er:

  • Auka bruk av naturgass innanlands
  • Utvikling av reinseteknologi for gasskraftverk
  • Omlegging av energibruk og energiproduksjon
  • Auka tryggleik mot kvikkleireskred
  • Internasjonalisering av petroleumsverksemda
  • Tiltakspakke for å betra tryggleiken i petroleumsverksemda

-Desse tiltaka viser den retninga me ynskjer å gå i når det gjeld energipolitikken, seier olje- og energiminister Olav Akselsen. -Bruk av gass i Noreg og arbeidet med ny reinseteknologi er prioriterte oppgåver, det same er omlegginga av energiproduksjon og -forbruk. Gjennomføring av desse tiltaka gjev miljømessige gevinstar samstundes som ein legg grunnlag for ny næringsutvikling.

Innanlands bruk av naturgass
Det er eit mål for Regjeringa at ein større del av naturgassen skal brukast innanlands. Regjeringa meiner naturgassen er ein lite nytta ressurs, som kan brukast i Noreg både til energiføremål, til industrielle føremål og i transportsektoren. Ved å nytta og foredla naturgassen innanlands, legg me eit grunnlag for ny industriutvikling, samstundes som naturgassen vil spela ei framståande rolle innan fleire politikkområde i framtida. Å nytta naturgass til energi vil også vera positivt for den stramme kraftbalansen. For 2002 blir det foreslått ei ramme på 50 mill. kroner i støtte til infrastrukturtiltak, fordelt mellom ei løyving på 30 mill. kroner og ei tilsagnsfullmakt på 20 mill. kroner. Dette skal sikra vidareføring og realisering av pilotprosjektet som vert gjennomført i Bergensområdet. I tillegg vil det vera rom for andre prosjekt. Enova SF vil frå og med 2002 forvalta midlar til satsing på innanlands bruk av naturgass.

Utvikling av reinseteknologi for gasskraftverk
Regjeringa vil styrkja arbeidet for at Noreg og norske teknologimiljø, i samarbeid med andre land, skal få ein sterk posisjon i utvikling av teknologi som kan redusera CO 2-utsleppa frå kraftproduksjon. Utviklinga av slik teknologi vil framleis krevja forsking og finansiell satsing for å gjera teknologien kommersielt brukeleg. I budsjettet for 2001 auka Regjeringa løyvingane til vidareutvikling av reinseteknologi for gasskraftverk. I budsjettet for 2002 er det lagt opp til å auka løyvingane ytterlegare. Det er sett av om lag 35 mill. kroner til denne typen føremål over budsjetta til Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet for 2002, av desse er 20 mill. kroner foreslått løyvd over Olje- og energidepartementet sitt budsjett.

Omlegging av energibruk og energiproduksjon – Enova SF
Med etableringa av Enova SF vil arbeidet med ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon samlast i ein institusjon. Enova skal ta initiativ til og fremja meir effektiv energibruk, produksjon av ny fornybar energi og miljøvennleg bruk av naturgass. Enovas verksemd skal finansierast gjennom eit nyoppretta energifond. Fondet vil få inntekter både frå ordinære løyvingar over statsbudsjettet og eit påslag på nettariffen. Inntektene til energifondet er utrekna til om lag 470 mill. kroner på årleg basis, av desse er 269 mill. kroner foreslått løyvd over Olje- og energidepartementet sitt budsjett for 2002. Vidareføringa av dagens påslag i nettariffen på 0,3 øre/kWh vil på årleg basis tilføra fondet dei resterende 200 mill. kroner.

Auka tryggleik mot kvikkleireskred
Regjeringa set fram forslag om ei løyving på om lag 55 mill. kroner over statsbudsjettet for 2002 til forbyggingsarbeid og oppryddingstiltak. Av desse skal minst 10 mill. kroner nyttast til styrking av programmet for auka tryggleik mot leirskred. Programmet omfattar mellom anna risiko- og sårbarheitsanalysar og eit overvakingssystem for tilsyn med område der risikoen for skred er særleg høg. Basert på informasjonen som kjem fram, vil vedlikehald og nybygg av sikringsanlegg bli gjennomført i prioritert rekkefølgje.

Tilskot til museum
Til forvaltningsretta energi- og vassdragsforsking i regi av NVE, inkludert museumsprosjektet, løyver regjeringa 16,8 mill. kroner for 2002. Av desse blir 1.5 mill. kroner øyremerka til Norsk Vasskraft- og Industristadsmuseum i Tyssedal. Vidare foreslår regjeringa at Norsk Oljemuseum i Stavanger får eit driftstilskot på 1 mill. kroner i 2002.

Internasjonalisering av petroleumsverksemda
Internasjonalisering er viktig for framtida til norsk olje- og gassindustri. For å tryggja arbeidsplassane i norsk leverandørindustri, er det viktig at desse selskapa får tilgang til den veksande internasjonale marknaden. Også for dei norske oljeselskapa er det viktig med auka internasjonalt engasjement.

Regjeringa vil difor auka løyvingane til internasjonalisering av petroleumsverksemda til 16 mill. kroner, ein auke på om lag 50 pst.

Tiltakspakke for å betra tryggleiken i petroleumsverksemda
For å betra tryggleiken i petroleumsverksemda, foreslår Regjeringa ein tiltakspakke på totalt 20 mill. kroner over Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Olje- og energidepartementet sine budsjett i 2002, av desse er 5 mill. kroner foreslått løyvd over Oljedirektoratet sitt budsjett.

Petroleumsverksemda – SDØE
Staten sin samla netto kontantstraum frå petroleumsverksemda er budsjettert til om lag 205,5 mrd. kroner. Av dette er om lag 117,5 mrd. kroner betalte skattar og avgifter, og om lag 88,4 mrd. kroner i netto konantstraum frå SDØE og betalt utbytte frå Statoil. Til frådrag kjem fjerningstilskot som er budsjettert til om lag 140 mill. kroner. Utgifter til drifta av Petoro AS er budsjettert til 250 mill. kroner.

SDØE sitt driftsresultat er budsjettert til i overkant av 75 mrd. kroner for 2002. Det vert lagt til grunn ein gjennomsnittleg oljepris på 200 kroner pr. fat for 2002. SDØE sin del av investeringane på norsk sokkel er budsjettert til om lag 15,3 mrd. kroner, ein reduksjon på 0,9 mrd. kroner samanlikna med 2001.

Driftsutgiftene for det nye forvaltarselskapet for SDØE-porteføljen, Petoro AS, blir budsjettert til 250 mill. kroner. Petoro skal på eit forretningsmessig grunnlag vareta og forvalta SDØE-porteføljen.

Statsforetak
På inntektssida vert det budsjettert med om lag 1 050 mill. kroner i renter og avdrag på lån til Statkraft SF og Statnett SF. Det vert budsjettert med utbytte frå Statkraft på 1 750 mill. kroner og Statnett på 80 mill. kroner.