Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2006: Trygt og effektivt flyrutetilbod i heile landet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 127/05
Dato: 14.10.05

Statsbudsjettet 2006:

Trygt og effektivt flyrutetilbod i heile landet

Samla budsjettforslag for statlege utgifter til luftfartsføremål i 2006 er på 691,5 millionar kroner.

- Folk og næringsliv i heile Noreg skal ha trygge og effektive flyrutetenester, med rask tilgang både til andre delar av landet og til utlandet, seier samferdselsminister Torild Skogsholm.

Kjøp av flyrutetenester

For 2006 er det foreslått 480,6 millionar kroner til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Dette er ein auke på om lag åtte prosent frå 2005.

Regionale flyplassar

Det er ikkje foreslått statleg tilskott til Avinor sine regionale flyplassar i 2006. Selskapet har for tida ei positiv utvikling i sin økonomi. Dette har si årsak både i trafikkvekst og verknader av arbeidet med omstilling. Underskottet for dei regionale flyplassane til Avinor skal i 2006 finansierast ved overføringar frå dei andre lufthamnene.

Tilskott til ikkje-statlege flyplassar

Regjeringa gjer framlegg om 16,6 millionar kroner i tilkott til ikkje-statlege flyplassar. Dette gjeld tilskott til flygeinformasjonstenesta ("AFIS-tilskott") ved ikkje-statlege flyplassar med rutetrafikk. Forslaget er ein auke på 3,2 millionar kroner frå 2005. Auken heng mellom anna saman med oppgradering av utstyr ved desse flyplassane.

Utbytte frå Avinor AS

Det er foreslått eit utbytte på 40 millionar kroner frå Avinor AS i 2006.

Luftfartstilsynet

Til Luftfartstilsynet er det gjort framlegg om å løyve 163,7 millionar kroner, fordelt med 132,1 millionar kroner til ordinær drift og 47,7 millionar kroner til flyttekostnader i samband med at Luftfartstilsynet skal flytte til Bodø.

Statens havarikommisjon for transport

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 30,6 millionar kroner til Statens havarikommisjon for transport, som skal undersøkje ulukker og hendingar innan sivil luftfart, jernbane- og vegtransport i Noreg. Dette er om lag fire prosent lågare enn for 2005, noko som heng saman med overgangen til nettoordning for budsjettering av meirverdiavgift.