Historisk arkiv

Statsminister Erna Solberg besøkjer Rogaland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Kunnskap og psykisk helse er tema for besøket.

Kl. 09.00: Statsministeren taler på Solamøtet. Stad: Sola Strand Hotel. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 11.

Kl. 11.30: Statsministeren besøkjer gründerbedrifta SR Group AS på Sola, der ho møter tilsette som har fått jobb sjølv om dei har «hòl i CV-en». Adresse: Energiveien 9.

Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer Sandnes vidaregåande skule og markerer starten på «Algebra Challenge». Over 500 skular med 40.000 elevar frå heile landet er påmelde i konkurransen, der elevane skal løyse så mange likningar som mogleg i løpet av ei veke ved hjelp av dataspelet DragonBox. Les meir om Algebra Challenge og DragonBox her: http://no.algebrachallenge.org/.

Kl. 13.50: Statsministeren besøkjer Grødem skule i Randaberg kommune. Der får ho demonstrasjon av IKT-prosjektet ”Flipped Classroom” og ho skal snakke med lærarar om kompetanseutvikling og etter- og vidareutdanning.

Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer bedrifta ROXEL AS, som deltek i prosjektet JobbResept, der målet er å hjelpe unge med psykiske lidingar ut i fast arbeid. Adresse: Skogstøstraen 21, Stavanger.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, mobil 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, mobil 482 13 216.