Statsminister Erna Solberg (H) og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) til sommarskulen i Drammen

Måndag 21. juni opnar statsminister Erna Solberg og kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby sommarskulen på Marienlyst ungdomsskole i Drammen.

Regjeringa vil kompensere for nokre av dei faglege og sosiale følgene som langvarige smitteverntiltak har hatt for barn og unge. Difor er det gitt 500 millionar som kommunane kan bruke til å opprette sommarskuletilbod. Søknadsfristen for kommunane var 19. mars, og 228 kommunar har søkt og fått tilskot.  Drammen kommune får kr 9.484.700 i tilskot til utvida sommarskuletilbod i 2021.

Tidspunkt: Måndag den 21.06.21 kl. 10.40 – 11.30

Adresse: Marienlyst ungdomsskole, Schwartz gate 12, 3043 Drammen

Møteplass: Hovudinngang

Kontaktpersonar: Prosjektleiar for sommarskulen Monica Skaane Bakken, mobil: 918 38 301,

 

Program :

Ca. kl. 10.40

Framkomst Marienlyst ungdomsskole

 

 

 

 

Møteplass: Hovudinngang

 

 

Ca. kl. 10.45 -11.00

Statsministeren og statsråden observerer/evt. deltek i øvingar for kreativitet og samarbeid – fokus berekraft.

 

 

 

 

Kurs: Innovasjon Smart med fokus på entreprenørskap, berekraft og gode idear. Eit samarbeid med Strømsgodset og Ungt Entreprenørskap (UE).

 

 

Ca. kl. 11.15 - 11.30

 

Aktivitet: improvisasjonsteater

 

Statsministeren og statsråden observerer/evt. deltek i ulike aktivitetar som bli kjent-leikar med song og musikk. Gruppa vil også bruke friområdet utandørs med frisbeear, fotballar, slengtau og badminton.

Kurs: Song/sal og scene

Gjennom leik, song og musikk skal gruppa bli trygge på kvarandre, ha det gøy og få ei god start på veka.

 

 

Ca. kl.11.25 - 11.30

Media

 

Ca. kl. 11.30 

Avreise

 

Sommarskulen Marienlyst skole:

  • 150 elever pr veke har base her.
  • Elevar frå alle delar av kommunen er representerte.
  • Song & scene, Internasjonalt kokkekurs, Sommarredaksjonen (foto/journalistikk), bandkurs, turfagopplevingar, Innovasjon Smart Oppdrag Strømsgodset. Det blir halde mange ulike kurs i nærleiken.

På bakgrunn av ekstra midlar frå staten til Sommarskulen er det gjort følgande utvidingar

  • Utvida sommarskuleplassar frå 900 – 2100 plassar tilgjengelege.
  • Utvida målgruppa til 4. - 10. trinn (tidl. 5-9. trinn).
  • Utvida varigheit frå tre til fire veker.
  • Utvida mengde med basar frå éin til tre for å nå ut til barn i fleire bydelar.
  • Forsterka fokus på å nå sårbare barn og unge og gjennom tett dialog med interne og eksterne verksemder.
  • Breitt samarbeid med frivillige lag og foreiningar (idrettslag, friluftsorganisasjonar m.m.).
  • Etablert nytt tilbod til elevar på 10.trinn som får tilbod om trafikalt grunnkurs.
  • Samarbeid med næringslivet i Drammen om sommarjobbar for ungdom.
  • Livredningskurs til leiarar/assistentar med aktivitetar i nærleik av vatn/sjø.

Det er tilsett ca. 70 aktivitetsleiarar (studentar) for å jobbe på sommarskulen.

Kontakt:
Journalistar som ynskjer å vere til stades kan melde seg på innan fredag 16:00  til  kommunikasjonsrådgjevar i Kunnskapsdepartementet Ajfer Husejin på tlf. 95936485 eller pr. e-post på ajfer.husejin@kd.dep.no

Kontaktperson for statsministeren:

Kommunikasjonsrådgjevar Ida Dahl Nilssen,  tlf 96237276 eller e-post: Ida-Dahl.Nilssen@smk.dep.no

Kontaktperson for Drammen kommune:

Pressesjef Gard Nybro-Nielsen , tlf. 952 44 674 eller

e-post: gard.nybro.nielsen@drammen.kommune.no