Historisk arkiv

Statsministeren besøkjer Bergen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Kl. 13.00: Statsministeren står for den offisielle opninga av Hjortsenteret for marin økosystemdynamikk. Senteret er eit samarbeid mellom dei marine forskingsmiljøa i Bergen. Stad: Akvariet, Nordnesbakken 4.

Kl. 14.30: Statsministeren besøkjer Sandsli vidaregåande skule. Stad: Sandslimarka 51, Sandsli.

Kl. 15.30: Statsministeren møter ein tilsett på Icap Energy AS, som ved hjelp av synsrehabilitering har kunna halde fram i jobb etter at han mista 95 prosent av synet. Norges Blindeforbund deltek på besøket. Stad: Icap Energy AS, Storetveitvegen 96.

Kl. 18.00: Statsministeren deltek saman med søstera si, Marit Solberg, på samtalemøte om kvinner og leiing i regi av Studentersamfunnet i Bergen. Stad: Grand Selskapslokaler, Nedre Ole Bullsplass 1.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Camilla Ryste, telefon 482 13 216.