Statsministeren besøkjer Kværner Stord

Sted: Kværner Stord

Statsministeren besøkjer Kværner Stord, der ho deltek på ei markering av byggestarten for havvindprosjektet Hywind Tampen.

Kværner skal levere flytande betongskrog for turbinar til det som blir verdast største flytande havvindpark. Statsministeren har også eit møte med lokale bedrifter der blant anna kompetanseutvikling blir eit sentralt tema. 

Pressekontaktar er politisk rådgivar Hannah Sumeja Atic, telefon 93 26 13 98, e-post [email protected] og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].