Vis heile kalenderen

14.02.2017

  • Statsministeren besøkjer Sunnmøre

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Kl. 09.30: Statsministeren deltek på Haramskonferansen på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Tema for konferansen er omstilling i næringslivet. Statsministeren taler om lag kl. 10.00. Statsministeren er tilgjengeleg for presse i pausen som startar kl. 11.30. 

    Kl. 12.30: Statsministeren besøkjer bedrifta Ulmatec Pyro AS på Gamlem i Søvik. Bedrifta har utvikla ei løysing for varmegjenvinning på fiskebåtar, skip og riggar. Det er mogleg for presse å delta på besøket.

    Statsministeren får deretter skyss med redningsskøyta «Idar Ulstein» til Ulsteinvik.

    Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Ulstein Group i Ulsteinvik, der ho får ei orientering om drifta. Ho får også omvising på eit nybygd servicefartøy for vindmølleparkar til havs. Det er mogleg for pressefolk å vera med om bord i båten.

    Kl. 15.45: Statsministeren har invitert verft, reiarlag og utstyrsleverandørar på Sunnmøre til eit møte for å diskutera situasjonen i næringa og utsiktene framover. Møtet går føre seg i Ulstein Expo. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for kommentarar etter møtet, om lag kl. 17.15.

    Kl. 18.10: Statsministeren besøkjer Røde Kors-huset i Ørsta. Ho møter først ungdomar i Ørsta Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp (RØFF), før ho kl. 19.00 er til stades på årsmøtet til Røde Kors si besøksteneste i Ørsta. Statsministeren får også ei omvising på Røde Kors-huset.

    Pressekontaktar for reisa er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.