Statsministeren besøkjer UDI

Statsminister Erna Solberg besøkjer Utlendingsdirektoratet tysdag 10. november. Statsministeren vil få ei oppdatering på asylsituasjonen, i tillegg til at ho møter ein del av dei tilsette og UDIs regiondirektørar.

Av omsyn til kapasiteten ber me om at pressefolk melder seg på til smkinfo@smk.dep.no innan tysdag 10. november kl. 09.30. Dersom det blir mange påmeldte pressefolk, vil me organisera ein foto-pool på delar av besøket.

Tid: Tysdag 10. november kl. 10.45. Oppmøte for presse kl. 10.30.

Stad: Utlendingsdirektoratet, Hausmanns gate 21, Oslo.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.