Statsministeren deltek i uformelt Nordisk statsministermøte

Statsminister Erna Solberg treff sine nordiske statsministerkollegaer i Danmark 2.-3. oktober.

Journalistar som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg seinast tysdag 29. september. Akkreditering kan ordnast hjå det danske internasjonale pressesenteret sine nettsider: http://ipcd.dk/en/accreditation/

Her ligg også detaljar om programmet.

Dei nordiske statsministrane Stefan Löfven, Juha Sipilä, Sigmundur Davíð Gunnlaugsson, Lars Løkke Rasmussen og Erna Solberg skal diskutere mellom anna nordisk tryggings- og forsvarssamarbeid, den økonomiske situasjonen i EU, migrasjon og førebuing til klimatoppmøtet i Paris.

Utdrag frå programmet:

Fredag: Omvising ved Sjøfartsmuseet og middag ved Kronborg slott i Helsingør.
Laurdag: Nordisk statsministermøte, pressekonferanse, møte med leiarane for Grønland, Færøyane og Åland, Nordisk råds president og generalsekretæren i Nordisk ministerråd. Solberg skal òg ha sitt fyrste bilaterale møte med Finlands nye statsminister Juha Sipilä.

Pressekontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Hanne Tenfjord Skodje, mobil: 93262087