Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsministeren deltek på markeringar av 9-årsdagen for 22. juli

Sted:

Onsdag 22. juli skal det markerast at det er 9 år sidan angrepa mot regjeringskvartalet og Utøya. På grunn av koronasituasjonen blir markeringane i år gjennomført utan publikum.

Kun ei avgrensa gruppe med representantar for Støttegruppa, AUF, det offisielle Noreg m.fl. vil delta. Markeringane i regjeringskvartalet og på Utøya vil bli overført direkte (nett-tv/NRK). 

Statsminister Erna Solberg deltek på markeringane i regjeringskvartalet og på Utøya, i tillegg til at ho er til stades på ei gudsteneste i Oslo domkyrkje.

Kl. 10.00: Minnemarkering i regjeringskvartalet. Presse som ønskjer å vere til stades på markeringa må akkreditere seg til [email protected] innan måndag 20. juli kl. 12.

Kl. 11.30: Gudsteneste i Oslo domkyrkje, der biskop Kari Veiteberg preikar.

Kl. 16.00: Minnemarkering på Utøya.

Sjå detaljert program for dagen.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post [email protected].

Til toppen