Historisk arkiv

Statsministeren deltok på Kyrkjemøtet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Den norske kyrkja har sitt første kyrkjemøte som fristilt frå staten i Trondheim 25.–31. januar 2017. Kyrkjemøtet har overtatt mange av oppgåvene som tidlegare låg i statsforvaltinga, og er styrkt som det øvste representative organet i Den norske kyrkja.

Søndag 29. januar vart Den norske kyrkja sitt nye sjølvstende og 500-årsjubileet for reformasjonen markert med gudsteneste i Nidarosdomen og festforestilling på Byscenen i Trondheim. Statsministeren deltok på arrangementa.

- Dette første kyrkjemøtet etter delinga mellom stat og kyrkje har vore ei viktig og flott markering av ei levande kyrkje i forandring. Eg vil gratulere med reformasjonsjubileet og berømme kyrkja for eit godt samarbeid med reforma, seier statsminister Erna Solberg.

Gudstenesta i Nidarosdomen blei leidd av preses Helga Haugland Byfuglien og domprost Ragnhild Jebsen, mens preika blei halden av generalsekretæren for Det Lutherske Verdensforbund Martin Junge.

I si helsing under festforestillinga gratulerte statsministeren med reformasjonsjubileet og takka for godt samarbeid om reforma som har leidd fram til eit tydelegare skilje mellom stat og kyrkje. Solberg peika også på den krevjande utfordringa som no ligg framfor dei som er valde til å leie folkekyrkja: "- å finne den rette vektinga av tilhøvet mellom tradisjon og fornying, mellom kontinuitet og oppbrot, slik at Den norske kyrkja som evangelisk-luthersk kyrkje kan halde fram som Noregs folkekyrkje." Les hele helsinga her.