Historisk arkiv

Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval for partane i arbeidslivet. Tema for møtet er statsbudsjettet for 2021.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for ein liten pool av fotografar å jobbe ved starten av møtet. Deltakarar i poolen er NTB Scanpix og NRK eller TV2. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.45.

Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil statsministeren, finansministeren og representantar for LO og NHO gi korte kommentarar til pressa og svare på spørsmål.

Departementa og SMK har innført eigne tiltak for å hindre smittespreiing. Me har difor eit avgrensa tal på plassar til pressa, og ber om påmelding til smkinfo@smk.dep.no innan onsdag 7. oktober kl. 16.00.

Me kan ikkje garantere at alle får plass. Me føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktenes råd for smittevern. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon.

For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 11.15. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no.