Vis heile kalenderen

17.02.2014

  • Statsministeren møter norsk petroleumsretta næringsliv

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Sted: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45

    Statsminister Erna Solberg, finansminister Siv Jensen og olje- og energiminister Tord Lien møter norsk petroleumsretta næringsliv for å diskutera blant anna produktivitet, kostnadsutfordringar, kompetanse og forenkling. Deltakarane er inviterte til å koma med innspel til korleis konkurransekrafta til norsk næringsliv kan bli betre.

    Deltakarar: Norsk Industri, Norsk olje og gass, IndustriEnergi, Rederiforbundet, Statoil, ConocoPhillips, GDF Suez, Det norske oljeselskap, NCE NODE, Schlumberger, Aker Solutions, IKM Gruppen, Rystad Energy. Jørn Rattsø, som leiar Produktivitetskommisjonen, deltek også i møtet.

    Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.

    Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 07.30.

    Etter møtet, om lag kl. 09.30, er møtedeltakarane tilgjengelege for pressa. Oppmøte for presse ved inngangen til Riddervoldsgate 2 seinast kl. 09.00.

    Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.