Historisk arkiv

Statsministeren møtte vinnaren av Nobels fredspris

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg møtte i dag Colombias president Juan Manuel Santos. President Santos er i Noreg i samband med at han i går vart tildelt Nobels fredspris for 2016.

Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinner Juan Manuel Santos i regjeringens representasjonsbolig i Oslo søndag formiddag.
Statsminister Erna Solberg møter fredsprisvinner Juan Manuel Santos i regjeringens representasjonsbolig i Oslo søndag formiddag. Foto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB scanpix

– Eg gratulerte president Santos med Nobels fredspris og med fredsavtalen som vart godkjend i Colombias nasjonalforsamling i sist veke. President Santos har over lang tid hatt fredsprosessen i Colombia høgst på sin politiske dagsorden. Å få slutt på ein konflikt som har vart i over 50 år, vil ha mykje å seie for det colombianske folket, seier statsminister Erna Solberg.

Sidan han vart valt som president, har president Santos jobba for ei løysing på den væpna konflikten i landet. Offisielle forhandlingar med geriljagruppa FARC-EP starta i Oslo i 2012. Ein endeleg fredsavtale vart underteikna 24. november, etter at den første avtalen vart avvist i ei folkerøysting 2. oktober. Som tilretteleggjarar for fredsprosessen har Noreg og Cuba følgt partane tett gjennom fleire år med forhandlingar.

– President Santos har dedisert fredsprisen til ofra for konflikten. Håpet er at fredsavtalen med FARC-EP kan medverke til varig fred i Colombia. President Santos har sagt at det er vanskelegare å skape fred enn å føre krig. Eg håpar Nobels fredspris kan vere ei støtte til det krevjande arbeidet hans for fred i Colombia. Fredsprisen er òg ei anerkjenning av president Santos sin forhandlingspart FARC-EP, som no skal ta det vanskelege steget frå å vere ei ulovleg opprørsgruppe til å bli eit politisk parti, seier Solberg.

Den colombianske regjeringa er òg blitt samd med den andre store geriljagruppa i Colombia, ELN, om å starte offisielle forhandlingar om ein fredsavtale.

I samtalen i dag diskuterte statsminister Solberg og president Santos òg samarbeidet mellom Noreg og Colombia om vern av regnskogen, eit viktig tiltak for å redusere klimagassutsleppa i verda.

– Fredsavtalen med FARC-EP kan gjere det enklare for Colombia å følgje opp dei ambisiøse planane sine om vern av regnskogen i landet. Vi ser fram til vidare samarbeid med Colombia på dette området, seier Solberg.