Statsministeren og utanriksministeren deltek i solidaritetsmarsj i Paris

Statsminister Erna Solberg og utanriksminister Børge Brende deltek sundag 11. januar i den store solidaritetsmarsjen som finn stad i Paris kl. 15.00. Gjennom denne deltakinga vil Solberg og Brende markere motstand mot terrorisme, støtte til ytringsfridom og uttrykke medkjensle og støtte etter dei siste dagars forferdelege handlingar i Frankrike.

Solberg og Brende møter pressa saman før marsjen.

Pressekontakt for statsministeren: statssekretær Sigbjørn Aanes, 928 87 886.

Pressekontakt for utanriksministeren: kommunikasjonsrådgivar Veslemøy Lothe Salvesen, 995 68 584.

Pressekontakt ved ambassaden i Paris: ambassaderåd Therese M. Wagle Bazard, +33 786277339.