Statsministeren opnar konferanse om berekraft i London

Onsdag 14. oktober held statsminister Erna Solberg opningsinnlegget på konferansen “Can green solutions be good for business? Moving Towards a sustainable economy” i London.

Journalistar som ønskjer å dekkje konferansen bør registrere seg på nettsidene til Norsk-britisk handelskammer for å sikre enkel tilgjenge til konferanselokala. Gå til "registration" og velg "add ticket". I denne lenkja ligg også detaljar om programmet.

Statsministeren møter også Storbritannias energi- og klimaminister Amber Rudd, og ho skal treffe norske teknologigründerar.

Statsministeren skal også besøke Norges Bank Investment Management (NBIM) i London.

Vi ber presse som ønskjer å dekkje heile eller delar av programmet om å registrere seg til smkinfo@smk.dep.no innan 12. oktober.

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, mobil: 97530948