Historisk arkiv

Statsministeren på skolebenken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

- Vi satsar på lærarane fordi det er ein av dei viktigaste jobbane i Noreg, seier statsminister Erna Solberg. Onsdag denne veka besøkte ho lærarar som tek vidareutdanning i naturfag.

Bilde av Erna Solberg med studenter.
- Vi Satsar på dei vi har tru på, og vi har tru på dykk, sa Erna til studentane ho prata med. Foto: KD

Statsministeren tok seg tid til å handhelsa på alle studentane i klassen ho besøkte, midt i ein fysikktime for lærarar som tek vidareutdanning på Høgskulen i Oslo og Akershus. Saman med seg på besøket  hadde ho kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, finansminister Siv Jensen og leiarane for samarbeidspartia, Knut Arild Hareide (KrF) og Trine Skei Grande (Venstre).

Frå 1. februar til 15. mars 2015 kan lærarar søke vidareutdanning, og Regjeringa har sørgt for å få oppretta 1500 fleire studieplassar enn i fjor. I år kan dermed 5050 lærarar få tilbod om vidareutdanning frå hausten.­

- Vi Satsar på dei vi har tru på, og vi har tru på dykk, sa Erna til studentane ho prata med. Under besøket fekk ho også med seg eit eksperiment der studentane skulle varme opp is, varme vatnet vidare til kokepunktet og få det til å fordampe, samstundes som dei tok jamlege temperaturmålingar.

Liesbeth Van Kerckhove ved Son skole i Akershus er ein av studentane i klassen som fekk besøk av statsministeren. Ho underviser i gymnastikk, og tek no tretti poeng for å kunne undervise i eit ekstra fag. Ho har fått stipend for å ta vidareutdanning, og brukar stipendet til å kjøpe seg fri frå undervisninga. Frå hausten kan 1750 lærarar få stipend i samband med vidareutdanninga. Det er 1000 fleire enn i fjor.

- Det er kjempefint å studere igjen, og få styrka kompetansen min, sa Van Kerckhove, som ser fram til å ta med seg det ho har lært tilbake til elevane.

Kunnskapsministeren håpar at skoleeigarane vil bidra til at flest muleg av lærarane deira tek vidareutdanning det kommande året. 

- Regjeringa brukar om lag ein milliard kroner på vidareutdanning for lærarar i 2015. Staten dekker no 75 prosent av utgiftene til vidareutdanning i matematikk og naturfag, og 60 prosent i andre fag. Eg forventar at kommunar og fylkeskommunar føl opp denne viktige satsinga ved å godkjenna flest muleg søknader frå lærarar som ønskjer fagleg påfyll, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Bilde av Erna Solberg saman med lærarstudentar.
Statsministeren, finansministeren og Krf-leiaren fekk læra om prosessen frå is til damp, saman med lærarar som tek vidareutdanning. Foto: KD
Bilde av eksperimentet
Liesbeth Van Kerckhove ved Son skole i Akershus er ein av studentane i klassen som fekk besøk av statsministeren. Foto: KD
Bilde av kunnskapsministeren sammen med de andre statsrådene som besøkte høyskolen.
Foto: KD
Bilde av statsrådene og studentene.
Saman med seg på besøket hadde statsministeren kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, finansminister Siv Jensen og leiarane for samarbeidspartia, Knut Arild Hareide (KrF) og Trine Skei Grande (Venstre). Foto: KD