Priv. til red.:

Statsministeren til Asia i april

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

13.-18. april reiser statsminister Erna Solberg til Asia. Statsministeren følgjer mellom anna opp sitt engasjement i FNs generalsekretærs pådrivargruppe for FNs tusenårsmål med sterkt fokus blant anna på jenter og utdanning. Statsministeren besøkjer Indonesia og Vietnam under sitt Asia-opphald.

Tema for reisa er mellom anna klima, miljø og avskoging. Fattigdomsreduksjon, sårbare grupper, styrking av helse og utdanning er også viktige tema.

Praktiske detaljar:
Vi ber presse som ønskjer å dekkje reisa registrere seg til smkinfo@smk.dep.no snarast og innan 20. mars.

Pressekontaktar for statsministeren er politisk rådgjevar Rolf Erik Tveten, telefon +47 920 49 543 og kommunikasjonsrådgjevar Anne Nordskog, telefon +47 975 30 948