Vis heile kalenderen

19.11.2013

  • Statsministeren til Akershus, Hedmark og Oppland

    Erna Solberg| Statsministerens kontor

    Statsministeren besøkjer Jessheim, Gran, Lillehammer og Hamar.

    Statsminister Erna Solberg besøkjer Jessheim i Akershus, Gran på Hadeland, Lillehammer og Hamar. Tema for reisa er ”Eit sterkare sosialt sikkerheitsnett”, ei av satsingane i Sundvolden-plattforma.

    Kl. 09.00: Statsministeren besøkjer Sjuer’n, eit lavterskeltilbod for rusavhengige på Jessheim. Adresse: Rådhusveien 7, Jessheim.

    Kl. 10.45: Statsministeren treff arbeidsgivarar og deltakarar i prosjektet «Hadeland IPS» på Gran Tre på Jaren på Hadeland. «Hadeland IPS» er eit samarbeidsprosjekt i NAV-regi for å hjelpe personar med psykiske lidingar som har stått utanfor arbeidslivet tilbake i jobb. Adresse: Amundrudveien 86, Jaren, Gran.

    Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer Lillehammer bilskadesenter, som løfter kompetansen til dei tilsette ved å arrangere kurs i grunnleggjande lesing, skriving og IKT. Bedrifta får tilskot via program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA). Adresse: Industrigata 58, 2619 Lillehammer

    Kl. 15.00: Statsministeren besøkjer Sagatun brukarstyrte senter på Hamar, eit aktivitetstilbod til personar som slit med rusproblem og psykisk helse. Adresse: Sagatunvegen 47b, 2317 Hamar.

    Kl. 17.30: Statsministeren deltek på eit møte i regi av Høgre i Hedmark og Oppland. Adresse: Rica Hotell Hamar, Kårtorpveien 1.

    Pressekontaktar er statssekretær Fredrik Färber, telefon 909 96 260 og kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.