Historisk arkiv

Statsministeren til Berlin

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Stad:

Statsminister Erna Solberg reiser til Berlin på si første reise utanlands som statsminister. I Berlin skal Solberg møta forbundskanslar Angela Merkel til ein arbeidslunsj, med ein felles pressekonferanse i etterkant.

Onsdag 20. november – besøk til Berlin
Statsminister Erna Solberg reiser til Berlin på si første reise utanlands som statsminister. I Berlin skal Solberg møta forbundskanslar Angela Merkel til ein arbeidslunsj, med ein felles pressekonferanse i etterkant.

Sentrale tema for samtalen mellom dei to er utviklinga av det gode samarbeidet mellom Tyskland og Noreg, norske næringslivsinteresser i Tyskland og den økonomiske situasjonen i Europa.

Etter arbeidslunsjen med Merkel vil statsministeren ha eit eige møte med norske gründerar og kulturarbeidarar i Berlin, samt halde eit foredrag om norsk-tyske relasjonar hos Konrad Adenauer-stiftinga.

Presse som ønskjer å dekke besøket må akkreditera seg til smkinfo@smk.dep.no innan kl. 12.00 måndag 18. november.

Pressekontaktar for reisa er kommunikasjonssjef Trude Måseide telefon 957 26 510 og statssekretær Sigbjørn Aanes 928 87 886.